søndag 5. april 2015

Redesign-bluse

Dårlegaste sjølvportrett ever
(kan kun konkurrere med eit par
andre eg sjølv har på lager).
Men eg legg det ut likevel, ettersom
eg tykkjer prosjektet var så morsomt!
Ei av far i huset sine pensjonerte
skjorter er gjort om til bluse til meg sjølv.
Skulle jo fotografert medan eg holdt på!
Men eg var for ivrig til å tenke på det...
 
Den superenkle metoden er rett og
slett som fylgjer;
Legg skjorta flatt på bordet.
Tegn ein fin bue frå litt nedpå ermet,
over heile brystet og til same høgd
på det andre ermet. Om du ser godt
på bildet kan du nok ane kor eg har klippa.
 
Klipp altså av øverste del av ermene,
kragen og ein del av brystet/ryggen.
No må du lage ein løpegang til strikk.
Dette kan du gjere med å kaste over og
brette skjortestoffet bak, eller (som eg
valde) sy på eit kantebånd på baksida.
Tre gjennom ein strikk. Stram til blusen
er så vid som du vil ha han.
Knyt eller sy strikken saman.
 
Ferdig!
 
No ser det ut som ein bluse med
raglanderm. Mogelegheiter for variasjon
er uendelege. Eg skal nok prøve fleire,
for dette var gøy!! Og då skal eg (kanskje)
hugse å ta nokre bilete av prosessen.
Nokre herreskjorter kan bli i overkant
posete. Når denne blusen var ferdig
gjorde eg han litt innsvinga i livet,
rett og slett ved å sy ein ny saum
innanfor den eksisterande sidesaumen.
I staden for å sy rett ned, laga eg ein liten
sving inn omtrent der eg tenker meg
midja kunne vore (fnis...).
 
Er det ikkje moro med redesign!!
Fort og gale....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar