Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

mandag 4. mai 2015

Forkle og kokkelue

Det er vel trygt å legge ut bilde av
nokre julegaver no etter kvart.
Her er det forkle og kokkelue til
den søte grandtantejenta mi, Thea.
 I fylgje mammaen hadde ho bruk for
forkle, så når eg var på symesse i
desember jakta eg høgt og lågt etter det
perfekte stoffet.
Og vart kjempenøgd med dette!
Litt retro melkekartongaktig.
Dessutan i kraftig kvalitet.
Alle som har vore i aktivitet på
kjøkkenet veit at det fort kan skvette
litt hit og dit, og då treng ein eit
motstandsdyktig forkle.
 
Biletet er (som vanleg) litt dårleg,
men bryststykket er vrangsydd
over "skjørtet", slik at det ikkje
er nokon synlege saumar på baksida.
Usikker på om Thea-mori var
så interessert i den slags detaljar,
men det er no slikt småtteri som
er underholdande for synerdar
som meg sjølv...
 
Eg såg for meg at ei vanleg 
kokkelue vart vanskeleg å få til å
sitte ordentleg på hovudet.
Difor denne varianten med ribb
rundt hovudet istaden.
Det kan nok argumenterast
for at den liknar meir på ei
kryssing mellom alpelue
og badehette enn ei kokkelue.
MEN eg veddar på at den held
bedre styr på krøllane til kokka :-)

mandag 27. april 2015

Genserkjole til Ella

Julegave til den vetle tantejenta mi,
Ella, som ikkje er så lita lenger...
 
Skal ein kalle det ein lang genser
eller ein kjole? Tja...
Spelar ingen rolle, i grunnen.
 
Det som er viktig er at den er
sydd i isoli ("joggedress-stoff")
som er superdeilig å ha på seg
for spreke og aktive barn.
 
Stjerneapplikasjon på brystet,
og litt broderi med mørkeblå
bomullstråd som dekor.
 
 
 
Elles er det fargane på dei ulike
delane som utgjer dekoren.
I tillegg til rosa, lys grå og
mørk blå isoli, er hetta og
lommene fora med ein sølvfarga
ribb. Litt bling må ein vel ha...


tirsdag 28. mai 2013

Smokkesnorer og pannebånd

Her er litt diverse småtteriproduksjon.
Pannebånd/hårbånd i ulike fargar og
mønster, i brei og litt smalare modell.
 

 
Og litt smokkesnorer.
 


søndag 17. februar 2013

Kva gjer ein når vinflaska er tom...?

Sikkert mykje artig ein kan finne
på, men blant anna kan ein bruke
vinkorken på enden av litt for korte
strikkepinnar, med litt for mange
maskar - for å unngå at maskane
ramlar av bakerst på pinnen.
 

Om det er nokon som lurer på
kva eg skal lage av dette flotte, svarte
garnet med gulltråd i, så kan eg avsløre
at det skal bli ein glamorøs dokkejakke.
Ikkje avklart kva dokke, foreløpig, så
interesserte kan melde seg ;-)
 
Ha ein strålande søndagskveld!

fredag 16. november 2012

Hekla lyslykter

Syltetøyglasa har fått seg eit
hekla trekk og eit telys inni.
Sim-salabim; Koselege lyslykter!
 
I grunnen hadde eg sett for meg
nokre små og nette lykter.
Men ettersom alle dei små glasa
(faktisk alle dei som er pittelitt større også)
er okkupert i forbindelse med
julegåveproduksjon,
måtte eg over på solide syltetøyglass:
 
 
Ettersom glasa var litt robuste,
var det flaks at eg hadde eit robust
garn for hånda og;
Paris frå Drops,
i to ulike gråfargar.
 
Dette er typisk eit innfallsprosjekt
av typen "det er fem minuttar til
filmen begynnar og eg treng eit
eller anna å tutle med!"
 
Så slik sett er sjølvsagt både garn,
heklenål nr 4 (låg tilfeldigvis i
vinduskarmen saman med eit anna
prosjekt) og sløyfebånda øverst
fullstendig tilfeldig valgt.
 
 
Men eg tykte dei vart ganske koselege lell.
 
 
Hmmm... No e me klar for ein episode
av Borgen. Og eg har ikkje noko prosjekt!
Må ile av gårde å finne eitt eller anna
eg kan pimpe opp...
 
Ha ein fin fredagskveld!!

onsdag 31. oktober 2012

Helloween-gresskar!

Helloween er ikkje nokon
tradisjon i Tråkleguris verden,
og sant og sei so har eg ikkje
vore så ivrig på det heller.
 
Men i fjor kledde storebror
seg ut og gikk saman med vennene
sine for fyrste gong. Og det hugsa
han i år. Han har snakka masse om
det, så eg hadde jo ikkje hjarte til
noko anna enn å spele med.
 
Tråkleguri sin filosofi er:
Det er nok ein tradisjon som
er komen for å bli, så då kan
ein like gjerne gjere det til ein
hyggeleg tradisjon.
 
Så i år har eg kjøpt mitt fyrste
gresskar! Eg var såå kry når eg kunne
sette det på trappa med lys i.
 
 
 
Det er ein del innhold i eit slikt
gresskar, og eg tykte nesten det burde
brukast til noko. Så eg laga ei stor
panne med gresskarsuppe, og inviterte
naboane. Ein av dei snille naboane
hadde med ei kjempegod kake, og
ungane (våre og dei som hadde gått
saman med dei) fråtsa i "knask".
Så det vart ein kjempekoseleg
kveld med 12 naboar!!
 
 

torsdag 27. september 2012

Insektmuffins

I helga vart lillebror i huset
3 år!!
 
Det vart sjølvsagt feira tre dagar
til ende, med kjekke gjester, gaver og kaker.
Muffins måtte me ha.
Men i staden for lyseblå delikatesser,
satsa me på insekt-tema.
 
 
Den lille larven aldrimett.
 
 
Lille Petter Edderkopp.
 
Såg ut som om me hadde mykje ulike
kaker. Men me hadde berre laga berre
ei stor røre til sjokolademuffins,
og pimpa dei opp.
 
Insekta gikk ned på høgkant.
Eg snappa opp signal om at den
yngre garde muligens tykte dei
såg meir smakelege ut en dei eldre.
 
Men heldigvis for pysene,
så hadde me ei bløtkake også :)


søndag 15. juli 2012

Fugleskremsel

Det er så triveleg å ha litt bær i
eigen hage, som ein kan plukke rett
i brødboksen (les: munnen).  
- evt spare på heilt til dessert.

Jorbæra var me ikkje så veldig heldige
med. Ettersom me planta dei i vår,
var avlingen begrensa.
Og dei bæra som kom (som storebror
venta lengselsfullt på, og vokta lillebror
for at han ikkje skulle ta før dei var modne)
rappa fuglane før me fekk smakt på dei.

No er dei fyrste bringebæra snart
modne, og storebror er bekymra...


I dag tidlig, medan gutane såg på
barne-tv og eg prøvde å late som eg ikkje
sov, kom han på kongstanken:

"Kanskje vi bare skulle lage oss et
fugleskremsel?!"

Moro når dei kjem på ting sjølv,
tykkjer eg. Så me sette i sving.

Storebror er relativt omstendeleg,
så han starta med arbeidsteikning:


"Tror du ikke at fuglene blir BRA
skremt av dette her, mamma?!"

Det måtte eg jo berre svare bekreftande
på, sjølv om detaljane verka noko
uklare. Men me sette i sving. Tråkleguri
gjer ting ho ikkje kan; sage og spikre.
Men eg må innrømme at det er
kjempemoro!!!
På eit tidspunkt går storebror litt
sur. Han tykkjer at me brukar berre
mine idear. Har har tross alt laga ei
arbeidsteikning...

Eg må gå i meg sjølv, og etter litt
dialog og tolking av teikninga
er me samde. (Eller eg sluttar iallfall
å blande meg med idear til ting eg tykkjer
hadde sett fint ut, ettersom det strengt
tatt ikkje er mitt prosjekt)

 

Ingen tvil om at dette ser skummelt ut!!
Og storebror er så fornøyd...


Storebror har teikna fjes (eit skummelt).
Og så har me spikra fast hår laga av
aluminiumsfolie som blafrar nifst i vinden.

Ikkje eit nebb som kjem til å røre
denne bringebæravlingen!!



fredag 13. juli 2012

Pusse opp!!

Blogg-aktiviteten har vore laber
ei stund. Det har sin enkle årsak:


Kaos i heimen.
Me pussar opp heile 1.etasje.
Det vil sei inngangspartiet, kjøkkenet
og stova. Golv, vegger og tak vart ribba
og bygd opp att. Svigerfar er byggmester,
og far i huset er hjelpemann.

Det er ikkje lett for to aktive, små
krabatar vere inne når alt står på
hovudet og ein er i vegen overalt.

Tråkleguri har difor holdt seg utomhus
med gutane, og leita etter ly for regnet.

Me har fortsatt ikkje noko funksjonelt
kjøkken, men golv, vegger og tak er på
plass, så me kan i det minste leike inne.

Etter planen skal benkeplate komme
i neste veke, før me reiser på ferie til
Danmark. Då nermar det seg!!

Kanskje kjem det litt bilete og :)

Ha ein god sommar i regnet!!

mandag 19. mars 2012

Jula varer heilt til påske...

Med strålande vårsol utanfor kan
eg ikkje akkurat sei at eg lengtar etter
julestemning. Men etter litt rydding i
biletmappene, ser eg at det er nokre småting
eg har lyst til å ha med i dagboka (les: bloggen). 






Enkle kremmerhus i diverse bomullstoff,
med blonde rundt kanten og i hempa.
Kan henges på juletreet eller rundt om kring.
Om ein lagar 24 av dei, kan dei faktisk bli
ein fin adventskalender.

Og så ein del hjerter i ullfilt.
Tykkjer desse er så koselege...



mandag 5. desember 2011

Sommerfuglsjal

Dette sjalet er hekla i nydeleg og
mjukt alpakkagarn frå Drops.

Mønster: Innfallsmetoden.

Størrelse: Resten av garnet.
Passar til dei fleste småjenter.


 Dei søte sommarfuglane finn du
oppskrift på i venstremargen.
Den er lånt frå den kjempefine
bloggen til Lille Kanin.
Ta ein tur innom du og,
og sjå kor mykje fint ho lagar.

fredag 25. november 2011

Sommarminne...

I denne mørkaste tida.
Rett før kassen med adventskos
må pakkast fram slik at me er
klare til søndag...

...fekk eg berre så lyst til å vise
dette fine biletet frå i sommar.


Er det ikkje fint??


Kanskje kan det bli inspirasjon til ein kjole?


fredag 11. november 2011

Høstkolleksjonen er her!!

Litt svulstig å kalle det haustkolleksjon, kanskje.
Meir dekkande er det at eg i løpet av månader
har klart å tråkle saman litt småtteri
som passer godt no i desse hausttider...

Etter ryggoperasjon og tøffe tak,
har produksjonen i Tråkleguri sin sykrok
vore beskjeden lenge.
Men no trur eg på betre tider!!

Her er ein smakebit;


Sykroken min er i kjellarstova,
som i grunnen ser meir ut som eit bibliotek...
Etter kvart som ting er meir og mindre
ferdige, blir det berre til at eg
hektar hengaren på ei bok.
Som de ser av bilete;
ein smule uordentleg, kanskje. 
Men slik er Tråkleguri sin drøymeverden:
- hyllemeter på hyllemeter
med bøker av alle slag

- uanstendige mengder stoff
i alle fargar og kvalitetar

- eit par symaskiner
og masse knappar, bånd og dill

Kanskje vil du følge med på
bloggen min framover?
Så kan du sjå hva som blir resultatet
av at et prøver å få stofflageret
ned i anstendige mengder...

Men det er som å slanke seg;
Det einaste ein treng å gjere er å
bruke meir kaloriar enn ein inntar.

KJEMPELETT!

Det einaste ein treng å gjere
for å få eit moderat stofflager,
er å bruke mer stoff enn ein kjøper.

KJEDELEG ENKELT!

Men moro?
Tvilar...

Her sit eg, trinn og god, og kosar meg
med eit lite glass rødvin og litt nøtter.
Medan eg lurer på kva ende eg skal byrje i...







onsdag 26. oktober 2011

Ja!!!

Ja!!
Hurra!!

Etter nokre dagar med fullt kaos i
Tråklegurs verden,
er det endeleg nokonlunde orden igjen.

Ved eit uhell kom eg til å ødelegge heile
utforminga i bloggen, og det tok litt tid
å få det heile på plass att.

Det kan no fort bli nokre fleire småjusteringar,
men det går iallfall an å stikke innom
utan å bli svimmel eller bilsjuk.

Så:
Velkommen inn!!

PS!
Om du legg igjen ein kommentar om korleis
du tykkjer det er å lese i bloggen no,
hjelper du meg med å gjere Tråkleguris verden
til ein endå bedre plass å vere...

mandag 22. august 2011

Tråkleguri i ny butikk!!

Tråkleguri tråklar i hop mykje rart...
Ein del kjem til nytte her i huset.
Ein del kjem til nytte hos vener og kjende.
Men noko av det som er aller kjekkast
er å tråkle saman ting
som ikkje er nyttige i det heile!
Berre kjekke å lage...
Bruke blonder, bånd og anna dill dall.
Leike med flagrande, prinsesseaktige tyllstoff......
Drukne i herlege stoff i alle slags
fargar og kvaliteter.

Kose meg med stoff og symaskin!!

Alle desse tinga er eg så heldig
å få lov til å henge i butikken til
Vivi Ann Mauseth:

Her er det sjølvsagt mange innom
for å sjå på alle dei fantastiske sakene. 
Som navnet fortel;
her finn du både leiker og mykje meir!

Og jammen visar det seg at det
er mange som har bruk for
jippijaja-sakene til Tråkleguri!! 

Hurra!!

Butikken til Vivi Ann låg tidlegare
i nabolaget til Tråkleguri.
Men så skulle lokala rivast og
Vivi Ann og butikken måtte flytte.
Dessverre flytta ho heilt til Bergen!!
Men heldigvis fekk Tråkleguri bli med.
Til
Lille Øvregate i Bergen

Om du er i området,
så ta en kikk da vel!! 

lørdag 2. april 2011

Gutteporselen!


Før jul hadde to venninner og eg juleverkstad med porselensmaling. Mora til den eine venninna mi har drive med dette lenge, og var så snill å låne oss både sin kompetanse og alt utstyret.

Me hadde det sååååå kjekt!!

Eg satsa friskt og kjøpte inn sett med kopp og flat/djup tallerken til begge gutane mine. Måtte haste litt på, men det vart no ferdig. Det er så koseleg å ha servise som eg har laga sjølv til dei...

Dette er i bruk kvar dag, så eg tenkte det kanskje var lurt å forevige det, mens alle delar fortsatt er intakt.

Storebror har sjørøvarmotiv, og lillebror har fått dei rare dyra (bestemte meg for motiv litt i forbifarten...).






fredag 8. oktober 2010

Viss MacGyver kan, så kan me...


Storebror og lillebror er veldig glade i å lage mat, og ønsker seg ein komfyr. Men no e da jo snart jul, so me får vente og håpe. For å korte ventetida, laga me oss ein heimelaga komfyr. Kan MacGyver bygge eit fly av ein par kulepennar og litt gummistrikk, so kan vel me lage komfyr av ei skoeske...!
Me kledde den med ubleika lerret, og klippa ut eit par kokeplater i svart fleece. Litt svart tusj til brytarar, og vips hadde me laga komfyr på mindre enn ein halv time.
Siste nytt altså: jIPPIjAjA - no også med kvitevarer!!

tirsdag 7. september 2010

Hekla bokmerker




Kom over denne bloggen med masse artige saker. Blant anna oppskrift på kjempesøte, hekla bokmerker. Måtte berre teste dei ut!! E dei ikkje sjarmerande??
I familien går det no ein diskusjon om kor vidt det er ei mus eller ein hund. Storebror meinar bestemt og iherdig at det er mus. Lillebror nektar å uttale seg så lenge han ikkje får tygge på dei.
Burde kanskje ha avstemming? Kva meinar du?





torsdag 26. august 2010

Eg fann - eg fann!!!

Der var jo muffinsen!

Storebror og eg har kosa oss med å lage muffins i ettermiddag. Ikkje noko stort prosjekt, ettersom utgangspunktet var en pose Toro. Men da e like greit. Når ein e 2,5 år bør da ikkje ta so lang tid om ein skal gidde å avslutte. Han gjorde ALT sjølv. Etter å ha fylt i halvparten av røra med skei (ein del kom i formene, mykje rundt om kring), fann me ut at det fungerte glimrande å ta røra i ein mugge og helle oppi istaden. Pynten var rett og slett melisglasur med konditorfarge og Smarties. Må sei eg tykte han var gjerrig med pynten!! Han fekk lov å ta på så mykje han ville, men dette meinte han var passeleg.






Etterpå dekka me på med finkoppar og hadde kaffe-slabberas. Konditoren skimtast i bakgrunnen her (sjølsagt med kamoforkle som mamma har sydd til han). Det viste seg at han likte pynten bedre enn muffinsen, so han angra nok litt på den sparsomme pyntinga...
Det fine fatet som muffinsen står på, er forresten kjøpt på loppemarked i Berlin for nokre år sidan. Litt på impuls bestemte me oss for å sjå fotballkamp på Olympiastadion litt seinare på ettermiddagen. Der var det myyyykje politi utstyrt med våpen og hundar, og alle vart grundig kroppsvisitert. Eg var ikkje i nærleiken av å kunne forklare på tysk kva eg gjorde på fotballkamp med eit fat i sølvplett, men det vart grundig notert og nummerert og teke hånd om. Etter kampen fekk eg da tilbake :)
Eg trur nesten da fortjena nesten eit eige bilde - utan muffins...

søndag 13. juni 2010

Briktosaurus.rex




Endeleg har eg somla meg til å legge ut bilete av storebror sitt karnevalskostyme; dinosauren Briktosaurus.rex. Han ville nok vore litt skeptisk til å ta på seg noko som var veldig "kostyme"- prega, så eg tenkte det var bedre å lage ein morsom genser som han kunne bruke seinare og... Gensaren er sydd i svart polarfleece frå Stoff og stil. Taggane på ryggen og augene er også laga i fleece. Prøvde å ta nokre actionbilder, men dinosauren sto ikkje i ro lenge nok til at det gikk... Han er kjempebegeistra for dinosauren sin og har brukt han masse!!