Før jul hadde to venninner og eg juleverkstad med porselensmaling. Mora til den eine venninna mi har drive med dette lenge, og var så snill å låne oss både sin kompetanse og alt utstyret.
Me hadde det sååååå kjekt!!
Eg satsa friskt og kjøpte inn sett med kopp og flat/djup tallerken til begge gutane mine. Måtte haste litt på, men det vart no ferdig. Det er så koseleg å ha servise som eg har laga sjølv til dei...
Dette er i bruk kvar dag, så eg tenkte det kanskje var lurt å forevige det, mens alle delar fortsatt er intakt.
Storebror har sjørøvarmotiv, og lillebror har fått dei rare dyra (bestemte meg for motiv litt i forbifarten...).