Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

mandag 27. april 2015

Flygensere til gutta boys!

Eg kjøpte desse flystoffa på nett,
og tykte dei var så kjempefine!!
 
Men når dei kom i posten, så tykte
eg dei var sååå pysjaktige...
 
Typisk!
 
Hadde kjøpt nokre meter og.
Så då måtte prøvekaninene mine
til pers, som vanleg. Eg forsøkte å dempe
pysjfaktoren med legge til detaljar
i mørkeblått og dongeri.
Begge har mørkeblå ribb i
halsen og på ermene.
Bisebånd i raglandsaumen er
laga av interlock i ulike blåfargar.
Mons har fått applikert ei
stjerne i tynn, mjuk dongeri
med MONS brodert på.
Brikt har fått brystlomme i
same dongeristoff.
Tykte det hjalp litt på pysjfølelsen.  

onsdag 5. februar 2014

Bilgenser med matchende olabukse

Sett med genser og bukse som
min nydelege grandnevø Håvard
fekk i julegave.
 
Begge deler er frå boka Heilt
Spesiell og Jubel, som eg har skrive
om i eit tidlegare innlegg, med ein
del personlege justeringar.
 

Eg likar barnekle med mange friske
detaljar. Her har eg valt å kante med
ulike fargar i halsen, nede og på ermene.
Ermene har dessutan fått ekstra lang ribb.
Oransje bisebånd i raglandsaumen.  
 
 
Ifølge mønsteret skulle ikkje buksa
ha innsydd eit stoff i sida. Men der
var den sydd i elastisk stoff. ETTER at
eg hadde klippa ut buksa i olastoff
kom eg til å tenke på at den kanskje
ville bli for trang... Eg la derfor inn ein
stolpe med lyseblå ribb. Dermed
fekk den litt meir vidde, og i tillegg
vil den elastiske ribben gjere det
lettare å bevege seg. Håpar eg :-)
 
For å ta opp igjen litt frå gensaren
la eg inn dei same oransje bisebånda
i sida på buksa.
 

 Lommer i genserstoffet, sydd fast
med cover-maskinen som eg snart
har blitt venn med.
Vel.
Ikkje bestevenn, akkurat.
Men forholdet vårt er i utvikling.
 



tirsdag 14. januar 2014

Baggy skyggelue og matchende genser

Baggy lue med skygge i lilla
fe-stoff, fora med svart.
 
 Genser i same stoff, med
svart ribb på ermane og kvit
ribb som kanting og knappestolpe
i halsen. Fasongen ser rar ut
på bildet, men den er bedre i RL.
 Og...knappar så klart!
Lys lilla hjerter her.
Mønster henta frå boka til
Heilt spesiell og Jubel.

torsdag 5. desember 2013

Monstertruck-genser

Ny genseroppskrift frå boka
Heilt spesiell og Jubel:
Sydd i turkis monstertruckstoff
og raud ribb i halsen og på armane.
Eg likar den lange ribben på armane.
I tillegg til at eg tykkjer det er fint,
er det eit fint "voks-med"-triks.
Kan berre lage ein brett på ribben
i starten, og når gensaren blir litt kort
på armen, brettar ein ned.
 
 Og så leikar eg meg so klart
med den nye coveren min;
raude pyntesaumar i raglandsaumen.
Lillebror eeelskar den!
Han er så fornøyd med mamma sin
innsats at han lurer på om eg kanskje
kan strikke ei skjorte til han til jul.
I blått eller grønt, feksempel.
Det er nemlig faborittfargane ;-)

tirsdag 5. november 2013

Gladgenser frå Pickles

Pickles har fått butikk i Markveien,
så då måtte eg nesten berre stikke
innom for å ta ein kikk.
Kjempefin butikk!
Og...
...sjølvsagt måtte eg kjøpe litt garn.
 
Gutane har så mykje varme
ullgensarar at eg valde eit lettare
garn i 70 % bomull og 30 %
merino ull. Mjukt og godt!!
 
Oppskrifta heiter Gladgenser.
Med sjalskrage og ein del kvitt
vart det ein genser til bruk for
halvfint meir enn sandkassa.
 
 
Eg vart ganske fornøyd med
resultatet, og den var kjekk å strikke.
Men...eg må sei at eg er ikkje nokon
stor fan av strikkeplagg i bomull.
Tykkjer dei held dårleg på fasongen :-/


mandag 14. oktober 2013

Min første (sopp)tur med cover!

I sommar kom endeleg ei
cover-maskin i hus. For dei
som ikkje er synerdar, så er
dette ei symaskin som er fin til
å legge opp og kante plagg sydd
i elastiske stoff. Ikkje akkurat
noko ein må ha, men snarare
ei "kjekt-å-ha-maskin".
 
Det er ikkje før no på hausten
eg har komme igang med å
teste ut vidunderet. Og det
er litt å sette seg inn i!! Me
har ikkje vorte heilt venner endå,
men det er så moro at eg er
villig til å jobbe med forholdet ;-)
 
Etter vanvittig mange prøvelappar,
måtte eg berre lage noko som
kunne brukast!! Først ut er eit
soppsett til ynstemann. Litt
vanskeleg å få teke ordentleg
bilete, slik i forbifarten. Og
kleda fall sopass godt i smak
at dei enten har vore i farten
eller i skittentøyet sidan.
 
Tanken var å få testa ut nokon
av dei nye funksjonane på maskina.
Ermane på gensaren er er lagt
opp, men ellers er det kantebånds-
apparatet som har fått kjørt seg.
Gøy!!!
Den innfelte lomma på genseren
er festa med coversøm frå vranga.
Buksa er i Easy-cotton, som er
eit supert buksestoff. Både mjukt
og slitesterkt på same tid!
Lommene er også kanta med
kantebåndsapparat.  
Det er vel ingen tvil om at
dette var eit innlegg for
spesielt interesserte...
Men eg kjenner forbausande
mange som er spesielt interesserte
i nettopp slike saker og ting ;-)


torsdag 13. juni 2013

Om korleis ei grå mus vart stubbrumpa...

Litt tidlegare i vår skulle storebror
i utkledningsbursdag til bestevenninna.
Julia er veldig glad i dyr, og for
å glede henne ville han gjerne
kle seg ut som nettopp - eit dyr...
Av uvisse årsaker falt valget på mus!
Ettersom me ikkje hadde noko
som helst museaktig i huset,
må eg innrømme at eg prøvde meg
med mykje andre gode forslag.
 
Nope...
Mus.
Grå.
Sett igang.
 
Heldigvis hadde eg noko grå jersey
liggande (som rett nok var meint til
joggebukser, men pytt pytt).
 
Storebror er ein 5-åring som endå
kun ser mogelegheiter, og svært få
begrensingar. Han hadde sett føre
seg ein heildrakt, og tykte sant og
sei at ein genser var ein lettvindt
løysning. Eg prøvde å overbevise
om at me nok ikkje hadde nok stoff
til ein heildress. Lettare enn å
forklare at mamma ikkje orka å sy
ein heildress ettersom bursdagen
var allerede neste dag...
 
Så då vart det ein grå gensar
med hette, lommer, øyrer og hale.
 
 Grå jersey er jo litt kjedeleg,
så eg tykte det var fint å kante
med den stripete ribben frå Hilco.
 Lang musehale på stumpen.
Og lommer.
I bursdagen ville han gjerne ha litt
ost i lommene. Mus elskar jo ost!
Ikkje at eg er fanatisk når det kjem til
bakteriar, men eg må sei at det virka
litt ekkelt... Så me vart enige om at
Babybel var fint. Dei er jo små,
innpakka miniostar.
 
Når det var slutt på osten var lommene,
som de ser på biletet, fine til å ha
russekort, småstein og andre skattar i.
 
Storebror var kjempefornøyd,
og hadde det supert i bursdagen
- til tross for at det var ei jente som
hadde kledd seg ut som katt.
Kattar er som kjent ganske
skumle for små mus...
 
Øyrene og halen sydde eg berre
på for hånd, slik at dei kunne
sprettast av etterpå. Då kunne jo
han bruke gensaren. Øyrene var
jo forsåvidt ikkje i vegen, men
han har lært seg å sykle, og syklar
heile tida. Då er det upraktisk med
hale. Men musa sjøl nekta.
Han berre tok halen i lomma
når han sykla, og sidan har han
budd i gensaren.
 
Men her om dagen skjedde det som
måtte skje før eller seinare;
Halen ramla ut av lomma og festa
seg i sykkelkjedet... Hjulene gikk
verken framover eller bakover,
og han kom ikkje seg av setet ein
gong, fordi halen var stramma så
godt inn i bakhjulet.
Til tross for at dramaet enda med
haleamputasjon, var det vanskeleg
å holde seg alvorleg.
 
Så det var historien om korleis
den vesle grå musa vart stubbrumpa...

torsdag 21. februar 2013

Rosa monstertrucker!

Storebror insisterte på at han
skulle ha genser i dette rosa stoffet
med monstertruckar. Eg har kjøpt
turkis interlock med monstertruckar
også, og hadde i grunnen tenkt
å bruke den. Men nix og nei.
 
Så då vart det rosa.
For å gjere det litt meir guttete
kanta eg med turkis ribb.
Og den vart jo fresh og fin!
Ikkje minst med ein 
avis-sjørøvar-hatt til.  
 


Tøff posering...?
(størrelse 110, forresten)

søndag 3. februar 2013

Dyregenser

Lillebror har fått seg "dyregenser",
som han kallar det sjølv.
Strålande fornøyd, og som vanleg
er det ikkje muleg å ta eit heilt
alminneleg bilde av tøysekoppen :)
 
 
Difor stillbilde og.
Stoffet er kjempefint, med masse
glade fargar og figurar. Passar
godt til gladgutten inni :)
Kanta med raud ribb og
tvillingnål i halsen og på
ermene. Nede har eg berre
lagt opp med tvillingnål.
 


torsdag 17. november 2011

Kamo-fleece

Ein fleecegenser til,
etter same modell som dei prikkete
med oransje ribb i forrige innlegg.

Også denne i størrelse 2 år.


Lillebror har testa ut,
og den er veldig deilig å ha på seg!
Kul kamofleece passer
både til gutar og jenter.

 
Stor, spiss hette gjer genseren ekstra kul!

søndag 13. november 2011

Tvillingprikker

Bergenske tvillingjenter skal snart surre
rundt i desse prikkete genserne.

Sydd i ein polarfleece i veldig behageleg
kvalitet, og kanta med oransje ribb.


Dei lange, spisse hettene er ein
gøyal detalj!

mandag 7. mars 2011

Rødhette og bjørnane...

Då er karnevalet over, og her kjem litt bilete.

Først bjørnane som ikkje vart brukt på karneval, og som no er til salgs hjå "Leker og mer" på Årvoll.
Håpar dei kan varme nokre småbjørnar i løpet av våren. Dei er jo laga av mjuk og deilig fleece,
så det er kjempegode leikeklede!
Fleecedinosauren Briktosaurus Rex som vart til i fjor har vore ein favoritt her i huset...

Storebror nekta å ta den på seg, men lillebror let seg overtale.
Har var så rask på bjørnelabben at det var litt vanskeleg å rekke å knipse!


Som nemnt har tante sydd Rødhette-kostyme til ei søt lita snuppe på 6 år,
men dette har fortsatt ikkje komme fram med posten.

 Posten go home!!
På bileta under er kjolen og kappa avbilda uten Rødhette inni. Men dersom posten klarar å levere før Rødhette har vokst ut av kleda, er eg lova actionbilete.
Kjolen er sydd av kvitt bomullstoff med store, raude prikkar. Sjølsagt med litt blonder på kantane.
Kappa er av raud polarfleece, dessverre i ein langt dårlegare kvalitet enn den kjempefine, brune som bamsane er sydd av. Årsak; ukjent. Ettersom begge er kjøpt same dag, til same pris, frå same hylle på Stoff og stil. For å sikre matchingen har kjole og kappe same type blonde, og kappa har knytebånd i prikkestoffet.

Egentlig burde jo kappa vore sydd av ein fin, raud fløyel, men det hadde eg tilfeldigvis ikkje på lager.





søndag 2. januar 2011

Restefest!!

Godt nyttår til alle som kikkar innom bloggen min!!



Symaskina står einsam i sykroken og støvar ned for tida, og då blir det lite aktivitet her i bloggen og...
Men i løpet av året har det vorte liggande ein del bilder som eg ikkje har blogga, og då er jo 2.nyttårsdag ein god dag for restefest!!






Lilla kjole med kvite "bomber". Stoffet heiter luksusfleece, og er heilt fantastisk behageleg. Tjukt og mjukt. Men hjelpe meg så mykje lo og støv det blir når ein klipper i det!!!!!!!!!!!
Når det stoffet blir teke fram igjen er det berre å klippe og sy til alt er brukt opp - på ein gong. Så slepp eg støvsuge og vaske heile etasjen meir enn ein gong... Det ferdige plagget loar ikkje, altså. Om nokon lurte på det. 

Hettegenser i blå/turkis fleece, med bomber (prikkar) i oransje, brunt, raudt og lilla. Det finst ulike typar fleece; microfleece, polarfleece, luksusfleece osv. At det er forskjell på desse er sjølvsagt. Men eg brukar for det meste polarfleece, og denne er også av svært varierande kvalitet. Den eg har brukt til genseren her, var veldig tjukk og mjuk.



Over er det bilete av ei svart fleecelue i "alvefasong", med ein snømann applikert på. Under er det også ei svart fleecelue, med øyrer og knappar til auge. Dei er veldig søte på, men det syner ikkje så godt når dei berre heng slik...



Kjole med hette i raud polarfleece. Hetta og kanten nede har fått blondepynt. Modellen er veldig enkel, men vart veldig søt på. Dei fleste tinga blir nemleg testa ut på storebror og lillebror. Men det er kanskje litt drøyt å legge ut bilete av dei stakkars gutane i kjole...



Denne svarte er også i polarfleece, og same modell som den raude. Her har eg kanta med rosa blonde, og pynta med ein rosa treknapp på brystet.



tirsdag 22. juni 2010

Kamofleece

Her er nok ein ting eg har gløymt å blogge. Det å lage ting og tang står høgt på prioriteringslista her i huset, men eg gløymer stadig å ta bilete av dei og blogge. Du kan kanskje sei at eg prioriterar å lage ting framfor å skrive om å lage ting...
Dette er kamo-fleecen til storebror. Godt likt og godt brukt:) Sydd i polarfleece frå Stoff og Stil med kamuflasjemønster. Kanta på armar og hette med svart ribb. Størrelse ca 86

søndag 13. juni 2010

Briktosaurus.rex




Endeleg har eg somla meg til å legge ut bilete av storebror sitt karnevalskostyme; dinosauren Briktosaurus.rex. Han ville nok vore litt skeptisk til å ta på seg noko som var veldig "kostyme"- prega, så eg tenkte det var bedre å lage ein morsom genser som han kunne bruke seinare og... Gensaren er sydd i svart polarfleece frå Stoff og stil. Taggane på ryggen og augene er også laga i fleece. Prøvde å ta nokre actionbilder, men dinosauren sto ikkje i ro lenge nok til at det gikk... Han er kjempebegeistra for dinosauren sin og har brukt han masse!!