Viser innlegg med etiketten Smekker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smekker. Vis alle innlegg

søndag 29. mars 2015

Bomullsbukser med smekke

Når det er varmt om sommaren er det
ofte ei utfordring å kle dei yngste.
Dei blir varme med for mykje kle,
men samtidig ynskjer ein ikkje at dei skal
få sol på den sarte babyhuda.
Når storebror og lillebror her i huset
var så små, leita eg etter lette bomullsbukser,
men det var ikkje mogeleg å finne i
noko anna enn søte, rosa jentevariantar.
 
Så difor:
Lette bukser som kan brukast av både
gutar og jenter, med siklesmekker til.




mandag 23. april 2012

Redesignmodus!

Eg er i redesignmodus!

Redesignmodus
lyst til å lage nytt av gammalt

Jammen bra at eg har fått den
ånden over meg, så mykje gammalt
som eg samlar på fordi et tenker at
det kan bli til noko nytt :)

Her om dagen var eg på sytreff
med nokre hyggelege sydamer,
og me har avtalt at me skal møtast
for ein redesign-workshop
(som dei kallar det på godt norsk).

Det trur eg blir kjekt!!

Berre for å sparke meg litt igang,
har eg pimpa opp dei gamle
siklesmekkene til gutane,
slik at mi yndige grandniese kan arve...





Neida. Det kan vel knappast kallast
redesign å gå amok med pyntesaumar
på gamle smekker.
Men dei vart unekteleg hakket finare,
og absolutt mogeleg å gjenbruke.

Gledar meg til fiffigare prosjekt!!

torsdag 27. mai 2010

Noko i halsen?




Etter mykje prøving og feiling har eg funne form på ei smekke/eit skjerf eg er fornøyd med. Med dobbel trykk-knapp bak, kan størrelsen justerast. No blir passformen fin både til lillebror uten hals, og storebror med hals her i huset. Eg har sydd dei opp i mange ulike stoffvariantar; både mht kvalitet og farge. Min erfaring er at det er kjekt å ha mange - avhengig av om den som er inni siklar eller ikkje, om det er kaldt eller varmt og - sjølsagt må jo halstørklet passe resten av antrekket!!
Eit par variantar har tynn, fin bomullsdongeri på baksida og bomullstoff på framsida, nokre har bomullstoff på begge sider, og nokre har tynn, naturkvit jersey på baksida, og bomullstoff i ulike mønster på framsida. Desse har gått veldig fort ut, så det er nok ikkje berre eg som likar å ha en god bunke med slike på lager!!

tirsdag 18. august 2009

Nostalgisk voksduk - med oppsamler

Smekke med lomme til å samle opp matrester. Sydd i brun voksduk med hvite blomster og hvitt kantebånd.