Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

mandag 27. april 2015

Dalekjole og storesøsterskjørt

Eg måtte jo også prøve meg på den
såkalla Dalekjolen; hekla overdel
og skjørt i bomull med heklebord.
 
Kjolen var barselgave til ein søt
nabobaby. Storesøster fekk eit
matchende skjørt i bursdagsgave.
 Pynta med ein hekla rosett.
 Linning med strikk i livet.

søndag 5. april 2015

Forklednings-hekling

Eg har ein hang til å
"hekle inn ting".
Når ein har ungar i hus, er det
svært praktisk å ha ein boks
snytepapir lett tilgjengeleg.
Men nokon pryd for auga er det ikkje.
 
 
Så etter å ha ergra meg på denne
stygge boksen i laaang tid, kraup
trangen til å forkle han fram.
 
Eg rota rundt i restegarnkurven
og fann dette grå garnet som eg
kjøpte til pannebånd for ei stund sidan.
(som ved nærare studiar viste seg å
vere temmeleg syntetisk, til tross
for at det såg veldig ullete ut)
 Absolutt bedre med forkledning.
Kanskje bra at eg ofte gløymer
å ta bilete av det eg lagar.
Mannen er bekymra for at
kaffetraktaren står for tur.
Er ikkje spesielt fin den heller,
nemlig...

PS!
Same garnet som
"Elg i sofakroken-puta",
faktisk.
I tillegg til nevnte pannebånd.
Er det ikkje rart, korleis
feilkjøpt drittgarn aldri tek slutt
medan favorittgarn forsvinn
som dogg i sola??
Fortsatt ein snutt igjen av dette.
 

mandag 21. april 2014

Ridderkostyme og vikingkostyme

Årets tema her i huset var
ridder og viking.
 
Lillebror var ridderen. Eg hekla
ridderhjelm i sølvgrått bomullsgarn.
Han klør lett av ullhuer, og dessutan er
jo dette eit kostyme ein kan få lyst
til å bruke i varmare ver og...
Eg har sett bilete av slike hjelmar,
og tykte dei var så morsomme.
Så eg var i grunnen glad for oppdraget.
Eg hadde ikkje oppskrift, men starta
på toppen og auka utover til den vart passe
vid rundt hovudet. Så hekla eg nedover til
den nådde passe langt ned. Deretter hekla
eg fram og tilbake for å få ei kappe som
gikk ned i nakken. Til slutt hekla eg
visiret, som vart festa på sidene med
knapp, slik at det kan tas opp og ned
- alt ettersom om ein er i kamp eller ikkje.
 
Drakta er sydd i lett, grått bomullstoff.
Nede er den fora med svart stoff
for at den skulle bli litt meir stødig
med dei "taggane" som heng ned.
(veit ikkje kva slikt heiter på ridderspråket,
men me har sett det på bildet og det
er kuuuult!) I hals og ermehola
er det berre svart kantebånd.
Våpenskjoldet er sydd i svart
bomullstoff, og RidderMons
har fått sitt eige våpenskjold
med ein M i sølv. Denne er klipt
ut av eit A4-påstrykingsark kjøpt på
Stoff og Stil.
 Storebror ville vere viking.
Han har studert bilete og laga ein
detaljert bestilling. Her vart det også
hekla hjelm. I eit forsøk på å vere litt
pedagogisk og lære litt om vikingane
med det same, fortalde eg at det er ein
myte at vikingane hadde horn på hjelmen.
Då ville heller ikkje han ha horn.
Det skapte jo visse utfordringar...
Med horn er det jo lett å sjå at det er
ein vikinghjelm. Utan, derimot...
Lignar litt på ein pavehatt, i grunnen.
Men med resten av kostymet gikk
det greit. Vikingen var fornøyd sjølv,
iallfall. Her starta eg heklinga med å
lage hovudomkretsen med luftmaskar,
og så hekla eg vidare oppover med
halvstavar. Etter passe høgd, minska
eg masketallet og forsøkte å få den til
å bli litt spiss i toppen. Dei beige bånda
er hekla for seg sjølv, og sydde på
til slutt.
Kjortelen er sydd i kraftig, brun lin,
kanta med vevde bånd.
Pels på leggen (frå ein fusk, altså!)

mandag 17. februar 2014

Strikkepinnemapper

Kaos i strikkepinnane er eit
tilbakevendande problem her
i huset. Med jamne mellomrom
tek eg meg eit skikkeleg tak og
ryddar opp, men så glir eg raskt
tilbake til gamle synder. Systemet
til no har vore ein sylinderforma
plastboks. Men så blir det så vanskeleg
å få oversikt over kva slags tjukkelse
det er på dei ulike! For ikkje å snakke
om alle pinnane som lever eit trasig liv
attgløymt i ein eller annan UFO...
 
Det som så skjer når eg står i
garnbutikken og skal handle garn
til eit nytt prosjekt, er at eg ikkje
veit kva slags pinnar eg har frå før
- og kjøper nye for ikkje å risikere
at eg kjem heim med garn
og manglar pinnar!!
 
Men no syr eg strikkepinnemapper.
Noko eg føler meg sikker på
skal vere starten på eit nytt
og ryddigare strikkeliv.
 
Første ut er denne i blått linstoff
med koseleg blomstermønster, fora
med lett, kvitt bomullstoff.
Eg brukte ikkje oppskrift, så eg
prøvde meg litt fram - inspirert
av strikkepinneetuiet til
Pickles-jentene.
Eg vrengesydde rett og slett eit 
rektangel i ønska størrelse.  
Bretta inn ein smal kant oppe,
og ein breiare kant nede som skal
romme strikkepinnane. Nede sydde
eg saumar med jamne mellomrom
heile vegen, slik at det blir rom
for kvart nummer med pinnar.
Den smale kanten oppe (som er
for å hindre at pinnane glir ut av
mappa) sydde eg berre på fire
punkt, der mappa skal brettast.  
 Eg fora med platevatt.
Det vart for så vidt stødig og
fint, men vart ikkje heilt enig
med meg sjølv om det er nødvendig.
Det blir jo litt volum ut av det...
 Denne skal storesyster mi
få i julegave. Sjølv om ho er
ein av dei ryddigaste eg kjenner,
trur eg at sjølv ho har litt uorden
i strikkepinnane :-)
 
GOD JUL, GUNN!!
 
Neste ut var denne i grå stjernelin,
fora i lett, offwhite bomullstoff. Det
vil sei; Eg laga to i same slengen, slik
at mamma kunne få den eine i julegave.
 Denne er laga på same måte som den
blå, men eg droppa platevatten for å
sjå korleis det vart. I utgangspunktet
tenkte eg at det var ok. Linstoffet er
jo ganske stødig, og strikkepinnane
er stive i seg sjølv. Men no som eg
har brukt ho ein del, og har den
i strikkekurven, i strikkeveska osv,
ser eg at det blir litt "skranglete".
Eg trur pinnane blir liggande finare
på plass i den vatterte.
 
Konklusjon:
Dersom eg skal lage fleire,
blir dei nok med tynn platevatt
 Lengst til høgre har eg plass til
heklenåler, hjelpepinnar o.l.
Og det virkar, faktisk!
Fin orden i pinnane!
 
Men....så var det rundpinnane.
Det får bli eit nytt prosjekt.
Gode forslag mottas med takk. 

tirsdag 8. oktober 2013

Hekla smokkesnorer

Det er vel ingen grunn til at
smokkesnorer skal vere kjedelege??
 
Dei heng jo midt på magen og er
fine å pirke på og kikke på.
 
Og om me ser bort frå at dei kan
vere til glede for smårollingane, er
det iallfall ganske gøy å sitte i
sofakroken og finne på nye, rare fjes :-)
 
Hels fint på bamse,
ugle, gris og katt.  
Og her er ein søt liten elefant,
saman med ein blomsterbukett
og ei sol.

tirsdag 30. april 2013

Hekla vottar og strikka pannebånd

Eg sa jo at det skulle vere slutt
på vinterkle no, men eg måtte
berre slenge inn desse vottane
og pannebåndet på tampen...
 
Vottane er hekla i bomullsgarn,
etter ei oppskrift i KK sitt
julenummer. Det gikk kjapt
og greit med heklenål nummer 6.
I oppskrifta var det anbefalt å
bruke Misty frå Du Store Alpakka.
Eg måtte difor prøve meg litt fram
til rett masketal. Men elles var 
oppskrifta grei å følge. Eg syntes
i grunnen vottane vart ganske fine,
så eg trur eg skal lage fleire av
dei, men då i ull slik at dei blir
varme og gode...
 
 
Pannebåndet er strikka fram og tilbake
i perlestrikk. Eg tilpassa talet på maskar
for å få den bredden eg ville ha. Det er
lurt å legge opp oddetal, og passe på å
få rettmaske både først og sist på
omgangen. Då blir kanten finast.
 
 
Istaden for å sy det saman i nakken,
la eg endane over kvarandre og laga
jukseknapping; sydde det saman, og
berre pynta med eit assortert utval
knappar i rosa- og lillatonar.
 


fredag 16. november 2012

Hekla lyslykter

Syltetøyglasa har fått seg eit
hekla trekk og eit telys inni.
Sim-salabim; Koselege lyslykter!
 
I grunnen hadde eg sett for meg
nokre små og nette lykter.
Men ettersom alle dei små glasa
(faktisk alle dei som er pittelitt større også)
er okkupert i forbindelse med
julegåveproduksjon,
måtte eg over på solide syltetøyglass:
 
 
Ettersom glasa var litt robuste,
var det flaks at eg hadde eit robust
garn for hånda og;
Paris frå Drops,
i to ulike gråfargar.
 
Dette er typisk eit innfallsprosjekt
av typen "det er fem minuttar til
filmen begynnar og eg treng eit
eller anna å tutle med!"
 
Så slik sett er sjølvsagt både garn,
heklenål nr 4 (låg tilfeldigvis i
vinduskarmen saman med eit anna
prosjekt) og sløyfebånda øverst
fullstendig tilfeldig valgt.
 
 
Men eg tykte dei vart ganske koselege lell.
 
 
Hmmm... No e me klar for ein episode
av Borgen. Og eg har ikkje noko prosjekt!
Må ile av gårde å finne eitt eller anna
eg kan pimpe opp...
 
Ha ein fin fredagskveld!!

fredag 5. oktober 2012

Høstkjoler i fleece

Hausten er her, og med den sesongen
for gode og varme ting i fleece.
 
Her er eit par kjolar i brun polarfleece.
Knappholsting og hekla blomster i
fleirfarga ulltråd.
 
 Bileta er håplaust dårlige,
men det var så fint haustver at eg
berre måtte ta dei ute...
 Kjolen over er i størrelse 98 med blomster
i brunrosa nyanser. Kjolen under er i
størrelse 86 med blomster i lys lilla.

 
Ynskjer alle ei fin hausthelg!!

mandag 5. desember 2011

Sommerfuglsjal

Dette sjalet er hekla i nydeleg og
mjukt alpakkagarn frå Drops.

Mønster: Innfallsmetoden.

Størrelse: Resten av garnet.
Passar til dei fleste småjenter.


 Dei søte sommarfuglane finn du
oppskrift på i venstremargen.
Den er lånt frå den kjempefine
bloggen til Lille Kanin.
Ta ein tur innom du og,
og sjå kor mykje fint ho lagar.

tirsdag 7. september 2010

Hekla bokmerker




Kom over denne bloggen med masse artige saker. Blant anna oppskrift på kjempesøte, hekla bokmerker. Måtte berre teste dei ut!! E dei ikkje sjarmerande??
I familien går det no ein diskusjon om kor vidt det er ei mus eller ein hund. Storebror meinar bestemt og iherdig at det er mus. Lillebror nektar å uttale seg så lenge han ikkje får tygge på dei.
Burde kanskje ha avstemming? Kva meinar du?





mandag 17. august 2009

Oppbevaring av gjestedyner


Gjestedyner tar gjerne stor plass og lager mye rot. Her er en fin måte å oppbevare dem på som ser ryddigere ut, og som til og med gjør det mulig å ha nytte av dem.
Store "putetrekk" gir plass til selv vinterdundynene og gir tykke, deilige puter å lene seg mot når man skal lese på senga. Disse er sydd av et litt sprøtt stoff fra IKEA, og lukket med knapper. Med andre stoff kan det jo dynene for eksempel gjøre nytte for familiens yngste som TV-pute eller til kose/lesekroken. Til denne typen bruk kan det kanskje være en fordel å velge lukking på puta som blir helt tett (glidelås eller borrelås, for eksempel).
Og om man skal benytte sjansen til å skryte litt, så er sengeteppet selvheklet : )