Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

søndag 5. april 2015

Dokkesengetøy

Pute og teppe slik at dokka ikkje
skal fryse. Og om ho har sensitiv
hud og reagerar på ull, er det ikkje
noko problem! Dette settet er nemleg
strikka i eit aldeles fabelaktig akrylgarn
som eg har hatt i restegarnet så lenge
eg kan hugse. Magebåndet vart sist
sett ein gong på 80-talet, så kva slags
merke det er kan eg ikkje sei sikkert.
 
 Avanserte blomsterbroderi
på både teppe og pute, og
heklekantar rundt.
You can put lipstick on a pig,
it is still a pig.
Det eg prøver å sei er at det hjelper
lite på pynte på ting som er sopass
syntetisk. Men viss du er av plastik
er du ikkje så nøye på det.
Sov godt, lille venn!!

søndag 23. mars 2014

Elg i sofakroken

Eg har eit digert, grått garnnøste
i ein litt tvilsom kvalitet
som aldri tek slutt...
Eller...slik føles det iallfall.
 
Her er siste prosjekt med
pokkerskapen (unnskyld uttrykket).
 
Ei pute med elgmotiv!
Det lyse garnet er restar av
eit ullgarn eg ikkje hugsar kva er.
Med andre ord eit skikkeleg
restegarnprosjekt :-)
Einaste problemet er;
enormt mykje igjen av det grå garnet!!
 
Fortsettelse følger...
 
Forresten er bakstykket i
grå frakkeull. 

fredag 7. mars 2014

Restevest

 Jammen vart det ikkje att
nok garn etter storebror sin
genser frå Pickles, til at min
knusesøte nevø Håvard kunne
få ein liten restevest.
Med same type krage som
den opprinnelege kjekkasgenseren.

 
Brukte oppskrifta frå
kjekkasgenseren, men droppa
ermene og strikka ein ribb istaden.
 
Pickles Summer Wool.
Veldig mjukt og deilig garn
med 70 % økologisk bomull
og 30 % merino,
og håndspunnen utsjånad.


mandag 17. februar 2014

Strikkepinnemapper

Kaos i strikkepinnane er eit
tilbakevendande problem her
i huset. Med jamne mellomrom
tek eg meg eit skikkeleg tak og
ryddar opp, men så glir eg raskt
tilbake til gamle synder. Systemet
til no har vore ein sylinderforma
plastboks. Men så blir det så vanskeleg
å få oversikt over kva slags tjukkelse
det er på dei ulike! For ikkje å snakke
om alle pinnane som lever eit trasig liv
attgløymt i ein eller annan UFO...
 
Det som så skjer når eg står i
garnbutikken og skal handle garn
til eit nytt prosjekt, er at eg ikkje
veit kva slags pinnar eg har frå før
- og kjøper nye for ikkje å risikere
at eg kjem heim med garn
og manglar pinnar!!
 
Men no syr eg strikkepinnemapper.
Noko eg føler meg sikker på
skal vere starten på eit nytt
og ryddigare strikkeliv.
 
Første ut er denne i blått linstoff
med koseleg blomstermønster, fora
med lett, kvitt bomullstoff.
Eg brukte ikkje oppskrift, så eg
prøvde meg litt fram - inspirert
av strikkepinneetuiet til
Pickles-jentene.
Eg vrengesydde rett og slett eit 
rektangel i ønska størrelse.  
Bretta inn ein smal kant oppe,
og ein breiare kant nede som skal
romme strikkepinnane. Nede sydde
eg saumar med jamne mellomrom
heile vegen, slik at det blir rom
for kvart nummer med pinnar.
Den smale kanten oppe (som er
for å hindre at pinnane glir ut av
mappa) sydde eg berre på fire
punkt, der mappa skal brettast.  
 Eg fora med platevatt.
Det vart for så vidt stødig og
fint, men vart ikkje heilt enig
med meg sjølv om det er nødvendig.
Det blir jo litt volum ut av det...
 Denne skal storesyster mi
få i julegave. Sjølv om ho er
ein av dei ryddigaste eg kjenner,
trur eg at sjølv ho har litt uorden
i strikkepinnane :-)
 
GOD JUL, GUNN!!
 
Neste ut var denne i grå stjernelin,
fora i lett, offwhite bomullstoff. Det
vil sei; Eg laga to i same slengen, slik
at mamma kunne få den eine i julegave.
 Denne er laga på same måte som den
blå, men eg droppa platevatten for å
sjå korleis det vart. I utgangspunktet
tenkte eg at det var ok. Linstoffet er
jo ganske stødig, og strikkepinnane
er stive i seg sjølv. Men no som eg
har brukt ho ein del, og har den
i strikkekurven, i strikkeveska osv,
ser eg at det blir litt "skranglete".
Eg trur pinnane blir liggande finare
på plass i den vatterte.
 
Konklusjon:
Dersom eg skal lage fleire,
blir dei nok med tynn platevatt
 Lengst til høgre har eg plass til
heklenåler, hjelpepinnar o.l.
Og det virkar, faktisk!
Fin orden i pinnane!
 
Men....så var det rundpinnane.
Det får bli eit nytt prosjekt.
Gode forslag mottas med takk. 

tirsdag 5. november 2013

Gladgenser frå Pickles

Pickles har fått butikk i Markveien,
så då måtte eg nesten berre stikke
innom for å ta ein kikk.
Kjempefin butikk!
Og...
...sjølvsagt måtte eg kjøpe litt garn.
 
Gutane har så mykje varme
ullgensarar at eg valde eit lettare
garn i 70 % bomull og 30 %
merino ull. Mjukt og godt!!
 
Oppskrifta heiter Gladgenser.
Med sjalskrage og ein del kvitt
vart det ein genser til bruk for
halvfint meir enn sandkassa.
 
 
Eg vart ganske fornøyd med
resultatet, og den var kjekk å strikke.
Men...eg må sei at eg er ikkje nokon
stor fan av strikkeplagg i bomull.
Tykkjer dei held dårleg på fasongen :-/


tirsdag 30. april 2013

Hekla vottar og strikka pannebånd

Eg sa jo at det skulle vere slutt
på vinterkle no, men eg måtte
berre slenge inn desse vottane
og pannebåndet på tampen...
 
Vottane er hekla i bomullsgarn,
etter ei oppskrift i KK sitt
julenummer. Det gikk kjapt
og greit med heklenål nummer 6.
I oppskrifta var det anbefalt å
bruke Misty frå Du Store Alpakka.
Eg måtte difor prøve meg litt fram
til rett masketal. Men elles var 
oppskrifta grei å følge. Eg syntes
i grunnen vottane vart ganske fine,
så eg trur eg skal lage fleire av
dei, men då i ull slik at dei blir
varme og gode...
 
 
Pannebåndet er strikka fram og tilbake
i perlestrikk. Eg tilpassa talet på maskar
for å få den bredden eg ville ha. Det er
lurt å legge opp oddetal, og passe på å
få rettmaske både først og sist på
omgangen. Då blir kanten finast.
 
 
Istaden for å sy det saman i nakken,
la eg endane over kvarandre og laga
jukseknapping; sydde det saman, og
berre pynta med eit assortert utval
knappar i rosa- og lillatonar.
 


søndag 17. mars 2013

Nydeleg å strikke i silke og babyalpakka!!

Berre for å ha sagt det; 
her var det mykje dårlege bilder.
Eg er ikkje nokon kløppar til å strikke,
men heldigvis bedre på strikking enn
fotografering...
Denne vesten er i størrelse ca 6-9 mnd
og er strikka etter eit mønster i boka
Babylykke. Litt anleis med knappestolpen
i halsen og den broderte bilen på magen.


Vesten er strikka i det beste garnet eg
nokon sinne har brukt:

 "Fin", heiter det, og er
50% silke og 50% babyalpakka.
Så no går det nokre søte, små, nakne
babyalpakkaer og frys ein eller annan stad.
Perlemorknappar i ulik størrelse til
halsstolpen og bildekk.
Vesten er til mitt nyaste grandtantebarn;
nydelege vetle Håvard.
Og storesystao må jo og få noko,
så her er hals og leggvarmarar.
Dei er strikka i Sandnes minialpakka.
Slett ikkje så verst det garnet heller.
Fotograferinga er det derimot mykje
å utsetje på... I eit forsøk på actionbilde
tredde eg både halsen og leggvarmarane
på "storesøsteren" (som den største dokka
her i huset heiter). Vart ikkje spesielt
vellykka. Er eg heldig, kan det jo hende
eg får lov å legge ut bilde med dei
nydelege tanteungane inni!!
Søte blomsterknappar.

Eg har ikkje brukt oppskrift på hals
og leggvarmarar. La berre opp passe
mange maskar og strikka laus vrangbord
med to rette og to vrange, bortsett frå
knappestolpen der eg strikka rett heile
tida (altså rillestrikk). Det ser litt rufsete
ut når ein strikkar såpass laust, men det
blir veldig mjukt og behageleg på.
Og DET er jo det aller viktigaste.
Får håpe dei to skjønningane blir
glad for pakke i posten :)
Klem frå Tante-Elisabeth

torsdag 7. mars 2013

Frekk vårmote i svart og gull!!

Klemt inn mellom kvadratkilometer
med stoff i Tråkleguri sin sykrok,
finst det alt slags merkeleg garn! 
 
Dette svarte garnet med gulltrådar
trur eg er minst 30 år gammalt.
Eg hugsar at systra til Besta fekk
hekla sjal av det tidleg på åtti-tallet.
 
Det går jo ikkje an å kaste så stilige
ting som attpåtil har stor affeksjonsverdi!
(I know; eg er ein HAMSTER)
Det er naturlegvis ein hake at garnet er
så syntetisk at den einaste hudkontakten
eg kan tåle er den eg får når eg strikkar
av det. Vidare er det vel kanskje ikkje så
veeeldig anvendeleg, reint trendmessig...
 
Då er jo løysinga åpenbar;
Dokkekle!
Dokkehud er mindre sensitiv for
syntetiske materialer, og foreldra deira
tykkjer alt som glitrar er fint ;-)
 
 
 
Her er ein snasen, liten partyjakke
med tilhøyrande pannebånd.
Og her sparar me ikkje på juggelet!!
Eg hadde tilfeldigvis liggande nokre
store, flotte knappar i gull og svart
som ein nesten skulle tru er laga på
same (spinnville) fabrikk som garnet.
 
Lets party!!

onsdag 27. februar 2013

Mine fyrste sokkar etter oppskrift!!

Eg har strikka nokre få sokkar
før i mitt liv, men då har eg hatt
nokon sittande over skuldra mi
for å forklare meg korleis eg skal
få til dette mysteriet av ei hælfelling.
 
Og eg hugsar det jo ikkje frå den
eine sokken til den andre
- i det same paret...
 
Men NO har eg bestemt meg;
Eg skal komme igang ein gong
for alle, og eg treng ei oppskrift
slik at eg ikkje treng å
vere avhengig av co-pilot.
 
Og sjå her!!
Mitt fyrste eksemplar,
fotografert på beina til den svært
fornøyde mottakaren.
 
Eit under middels trena auge
vil nok kunne avsløre at den eine
sokken er ein knapp cm lenger
enn den andre. Men eg fekk ikkje
teke det opp att, ettersom
storebror sat klar til å prøve,
og tykte dei var meir enn like nok : )
 
 
Pytt sann.
Bedre lykke neste gong.
Til tross for pittelitt forskjell
i størrelse, er eg kry som ei høne.
 
 
Og her er boka som får æra;
 
 
Denne boka kan eg berre anbefale!
Bortsett frå oppskrift på fleire ulike
hæl- og tåfellingar, er det massevis
av andre fristande prosjekt;
luer og pannebånd, vottar, skjerf,
dokkeklede med meir.  
Mykje er verken stort
eller komplisert, noko som
tiltalar slike som meg som
ikkje er nokon superstrikkar.
I tillegg er det strikkeskule
- slik at kanskje sjølv eg ein
gong kan BLI superstrikkar...
 
(Neida. Får ikkje bestikkelse
frå Gyldendal)

søndag 17. februar 2013

Kva gjer ein når vinflaska er tom...?

Sikkert mykje artig ein kan finne
på, men blant anna kan ein bruke
vinkorken på enden av litt for korte
strikkepinnar, med litt for mange
maskar - for å unngå at maskane
ramlar av bakerst på pinnen.
 

Om det er nokon som lurer på
kva eg skal lage av dette flotte, svarte
garnet med gulltråd i, så kan eg avsløre
at det skal bli ein glamorøs dokkejakke.
Ikkje avklart kva dokke, foreløpig, så
interesserte kan melde seg ;-)
 
Ha ein strålande søndagskveld!

mandag 1. oktober 2012

Strikka lampeskjerm

Oppussing er stort sett i havn, og då
er det den vanskelege innredningen som
gjenstår. Tek litt tid å finne ut korleis
ein vil ha det, og korleis ein skal gjere
det til sitt eige.
 
Då er det kjekt å kose seg med
litt småprosjekt. Som for eksempel
å pimpe opp den gamle IKEA-lampa
med eit nytt strikketrekk.
 
Det vart i grunnen ganske koseleg.
Trekket er strikka i eit garn som
heiter Silenzio, og på pinnar nr 7.
Eg har strikka i rillestrikk, og for at
skulle bli litt lausare har eg brukt denne
fikse teknikken:
 
På annankvar pinne lagar du eit
kast mellom kvar strikka maske.
På pinnen etter slepper du ned kastet
frå forrige pinne.
 
 
Med lys.
 
 
Utan lys.

mandag 7. november 2011

Lue og smetteskjerf

Ida-Frida fekk seg nytt skjerf i perlestrikk her for litt sidan.
I ein ubestemmeleg brunfarge,
som foreldra sjølve valde ut i restekorga.

Diverre har ikkje mamma (storebror) og pappa (lillebror)
lært å knyte endå, så det vart litt kaldt i halsen.

Løysinga vart å strikke eit smetteskjerf!
Denne gongen fekk eg avgrensa valalternativa
noko meir, og eg tykte med kom godt frå det med
dette lys lilla, mjuke og fine ullgarnet.

Broderte blomster i kvitt ullgarn.


Antrekket forøvrig er heilt tilfelding,
men eg må nesten nytte høvet til å skryte av den fine trusa.
Den sydde mi mormor til dokkene våre når me var små.
Eg meinar den hadde ein matchande kjole og.
Rundt kanten på beina er det ekte nuppereller.



torsdag 22. september 2011

Lunt og godt ullsjal

Me har ei snill tante som fylte år i juli.
Gaven frå oss var ullsjal.

Kanskje ikkje den mest
typiske midtsommarpresangen.
Men no er hausten plutseleg her,
og då kan det sikkert varme godt.

 Mønsteret er henta frå
eit gammalt KK.

Tidlegare har eg brukt det til å strikke 
eit einsfarga sjal i turkis
til storesøstra mi.

Denne gongen brukte eg
pinnestørrelse 5 istadenfor 4.
Og strikka relativt laust.

Eg tykte resultatet vart bedre no.
Sjalet vart litt større,
og mjukt pga det lause strikket.

Ideen fekk eg etter at eg strikka
nøstebarnteppe til minsten.
Der er garnet tynt og pinnane tjukke.

 Sjølvet sjalet er i rillestrikk.
Kanten er hekla.
 Garnet eg har brukt heiter Kauni.
Det er fyrste gongen eg prøver
det, og det var heilt ok.

Men resultatet vart berre litt anleis
enn eg hadde tenkt meg.
Eg ville i grunnen strikke det i den
grønfargen som er på nokre av stripene.
Men tenkte at det kunne vore fint
med litt ulike nyansar, 
ettersom mønsteret er så enkelt.

Eg var difor ikkje heilt nøgd
når eg oppdaga at det berre var pittelitt
grønt, og resten i andre fargar.
Og dessutan at det vart breie striper
istaden for meir "spraglete".

Men, men. Får håpe tante likar 
striper, då. Og at fargane falt i smak.

Varmt og godt er det uansett :) 

fredag 2. september 2011

Strikket kjole med undertøy

Me har lenge hatt denne vesle snuppa i huset.
Men ho har vore gjenstand for lite merksemd.

Det var før storebror og lillebror vart kjend
med ei nydeleg lita babyniese
som kom til verden i april.

No er det plutseleg mykje babyleik.
Storebror er pappa og lillebror er mamma.


Og barnet har fått det klingande namnet
Ida-Frida.

Stakkars Ida-Frida har hatt ein svært
spartansk garderobe.
Det må me gjere noko med!!


Første antrekk ut er ein raud strikkekjole
med selar og blått mønster.
Matchande blå truse i perlestrikk
er god å ha når sommaren er på hell.
Og så raude sokkar av den siste garnstumpen.

Kva slags garn har eg ikkje peiling på.
Det er ullgarn frå det (antageleg)
utømmelege lageret av restegarn,
strikka på pinnar nr 2,5.


onsdag 4. mai 2011

Kjekkasgenser og strikkevotter

Her er litt strikk som eg har gløymt å blogge. Gensaren byrjar alt å bli litt knapp i størrelsen...! Han er strikka i Sandnes sitt Duett-garn (50% ull og 50% bomull). Den er varm og mjuk, men eg vart likevel ikkje så begeistra for dette garnet. Gensaren skulle strikkast på ganske tjukke pinnar, og eg tykte ville bli litt ujevnt. Dessutan vart det ganske fort nuppar.


Mønsteret er henta frå nettsida Pickles og heiter Kjekkasgenser.
Veldig ukomplisert møster som trygt kan prøvast.



Vottar strikka i rillestrikk etter oppskrift frå Nøstebarn. Fasongen er god, og gutane likar veldig godt å ha dei på seg. Strikkevottar er fine å leike i fordi får mykje bedre grep på leikene enn med tjukke polvottar.

 


torsdag 26. august 2010

Haust-strikk



Det er i grunnen litt vemodig, men eg har byrja å gjere opp status over kva storebror og vetlebror har av ullklede. Vemodig fordi det betyr at sommaren definitivt er i ferd med å gå over til haust.
Men så fann eg desse!! I vår fekk dei seg kvar sin gode, varme ullvest. Ein strikka av ei snill tante, den andre av meg. Dei er så fine at eg nesten vart glad for at me snart får bruk for dei igjen...
Dei er strikka i Smart Superwash frå Sandnesgarn - fritt etter eit par mønstre frå Sandnesgarn; oppskrift på ein vest, mønster frå ein gensar, og litt tipping fordi det ikkje var lite nok mønster til vetlebror.

torsdag 10. juni 2010

Tante-sokkar

Eg må berre legge ut eit bilde av desse strikkesokkane. Det er tante som har laga dei til storebror. Huset og skyene er brodert på. Er ikkje dei kjempefine!!
(...og ja...eg ser at bildet med fordel kunne vore snudd andre vegen... Men akkurat no tykte eg det var lettare å skakke litt på hovudet enn å snu bildet)