I ettermiddag har me vore på
ein strålande utstilling av
Hanne Beate Thomsen.
Ho har jobba med eit prosjekt der
ho strikkar og tovar
krukker, koppar og mugger.
Her var det masse herlige og
kreative saker, til begeistring
for både meg og lillebror.
"Strikkeserviset" var flott i seg sjølv,
men det var også veldig spennande
presentert med blomster og sommarfuglar,
steinar og perler. Fireåringen fann mykje
å studere og undre seg over.
Her er favorittmuggen min frå
utstillinga. Ein rosa mugge med nydeleg
fasong, som heller ut eit vakkert, grønt perlekjede.
Mon tro kva ei slik mugge er fylt med...?
Fleire av mine gode, strikkeglade
venner hadde også lyst å få med seg strikkeriet,
og me avslutta den fyrste vårdagen på
Grunerløkka med eit restaurantbesøk.
Fem små og fem litt større kosa oss stort!
Takk for ein fin laurdagsettermiddag,
og gratulerer med dagen jenter!
Det hørtes koselig ut, ha en fin søndag!
SvarSlett