tirsdag 3. desember 2013

Bursdagsborg

Lillebror fylte 4 år tidlegare i haust,
og i år skulle kaka vere ei borg!
 
Alltid gøy å lage bursdagskaker :-)
 
Byggesteinane er ei platekake.
Når sant skal seiast vart ho ganske
tørr, så det er ikkje noko poeng i
å dele oppskrifta. Uansett; det er
i grunnen ingen som bryr seg,
så lenge pynten er bra nok.
 
 Iskjeks blir fine tårn, og
marsipan malt med konditor-
farge gjer nytten som tårnvindu.
Vollgraven er full av krokodillar
og skumle fiskar, så ei vindelbru
av god, mørk sjokolade er kjekk
å ha. Den er det dessutan ingen
av ungane som blir frista
av, så den kan mor kose seg
med når selskapet er over...
 Pass opp!
Flaggermus i tårnet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar