mandag 4. mai 2015

Forkle og kokkelue

Det er vel trygt å legge ut bilde av
nokre julegaver no etter kvart.
Her er det forkle og kokkelue til
den søte grandtantejenta mi, Thea.
 I fylgje mammaen hadde ho bruk for
forkle, så når eg var på symesse i
desember jakta eg høgt og lågt etter det
perfekte stoffet.
Og vart kjempenøgd med dette!
Litt retro melkekartongaktig.
Dessutan i kraftig kvalitet.
Alle som har vore i aktivitet på
kjøkkenet veit at det fort kan skvette
litt hit og dit, og då treng ein eit
motstandsdyktig forkle.
 
Biletet er (som vanleg) litt dårleg,
men bryststykket er vrangsydd
over "skjørtet", slik at det ikkje
er nokon synlege saumar på baksida.
Usikker på om Thea-mori var
så interessert i den slags detaljar,
men det er no slikt småtteri som
er underholdande for synerdar
som meg sjølv...
 
Eg såg for meg at ei vanleg 
kokkelue vart vanskeleg å få til å
sitte ordentleg på hovudet.
Difor denne varianten med ribb
rundt hovudet istaden.
Det kan nok argumenterast
for at den liknar meir på ei
kryssing mellom alpelue
og badehette enn ei kokkelue.
MEN eg veddar på at den held
bedre styr på krøllane til kokka :-)

mandag 27. april 2015

Genserkjole til Ella

Julegave til den vetle tantejenta mi,
Ella, som ikkje er så lita lenger...
 
Skal ein kalle det ein lang genser
eller ein kjole? Tja...
Spelar ingen rolle, i grunnen.
 
Det som er viktig er at den er
sydd i isoli ("joggedress-stoff")
som er superdeilig å ha på seg
for spreke og aktive barn.
 
Stjerneapplikasjon på brystet,
og litt broderi med mørkeblå
bomullstråd som dekor.
 
 
 
Elles er det fargane på dei ulike
delane som utgjer dekoren.
I tillegg til rosa, lys grå og
mørk blå isoli, er hetta og
lommene fora med ein sølvfarga
ribb. Litt bling må ein vel ha...


Flygensere til gutta boys!

Eg kjøpte desse flystoffa på nett,
og tykte dei var så kjempefine!!
 
Men når dei kom i posten, så tykte
eg dei var sååå pysjaktige...
 
Typisk!
 
Hadde kjøpt nokre meter og.
Så då måtte prøvekaninene mine
til pers, som vanleg. Eg forsøkte å dempe
pysjfaktoren med legge til detaljar
i mørkeblått og dongeri.
Begge har mørkeblå ribb i
halsen og på ermene.
Bisebånd i raglandsaumen er
laga av interlock i ulike blåfargar.
Mons har fått applikert ei
stjerne i tynn, mjuk dongeri
med MONS brodert på.
Brikt har fått brystlomme i
same dongeristoff.
Tykte det hjalp litt på pysjfølelsen.  

Dalekjole og storesøsterskjørt

Eg måtte jo også prøve meg på den
såkalla Dalekjolen; hekla overdel
og skjørt i bomull med heklebord.
 
Kjolen var barselgave til ein søt
nabobaby. Storesøster fekk eit
matchende skjørt i bursdagsgave.
 Pynta med ein hekla rosett.
 Linning med strikk i livet.

søndag 5. april 2015

Forklednings-hekling

Eg har ein hang til å
"hekle inn ting".
Når ein har ungar i hus, er det
svært praktisk å ha ein boks
snytepapir lett tilgjengeleg.
Men nokon pryd for auga er det ikkje.
 
 
Så etter å ha ergra meg på denne
stygge boksen i laaang tid, kraup
trangen til å forkle han fram.
 
Eg rota rundt i restegarnkurven
og fann dette grå garnet som eg
kjøpte til pannebånd for ei stund sidan.
(som ved nærare studiar viste seg å
vere temmeleg syntetisk, til tross
for at det såg veldig ullete ut)
 Absolutt bedre med forkledning.
Kanskje bra at eg ofte gløymer
å ta bilete av det eg lagar.
Mannen er bekymra for at
kaffetraktaren står for tur.
Er ikkje spesielt fin den heller,
nemlig...

PS!
Same garnet som
"Elg i sofakroken-puta",
faktisk.
I tillegg til nevnte pannebånd.
Er det ikkje rart, korleis
feilkjøpt drittgarn aldri tek slutt
medan favorittgarn forsvinn
som dogg i sola??
Fortsatt ein snutt igjen av dette.
 

Dokkesengetøy

Pute og teppe slik at dokka ikkje
skal fryse. Og om ho har sensitiv
hud og reagerar på ull, er det ikkje
noko problem! Dette settet er nemleg
strikka i eit aldeles fabelaktig akrylgarn
som eg har hatt i restegarnet så lenge
eg kan hugse. Magebåndet vart sist
sett ein gong på 80-talet, så kva slags
merke det er kan eg ikkje sei sikkert.
 
 Avanserte blomsterbroderi
på både teppe og pute, og
heklekantar rundt.
You can put lipstick on a pig,
it is still a pig.
Det eg prøver å sei er at det hjelper
lite på pynte på ting som er sopass
syntetisk. Men viss du er av plastik
er du ikkje så nøye på det.
Sov godt, lille venn!!

Redesign-bluse

Dårlegaste sjølvportrett ever
(kan kun konkurrere med eit par
andre eg sjølv har på lager).
Men eg legg det ut likevel, ettersom
eg tykkjer prosjektet var så morsomt!
Ei av far i huset sine pensjonerte
skjorter er gjort om til bluse til meg sjølv.
Skulle jo fotografert medan eg holdt på!
Men eg var for ivrig til å tenke på det...
 
Den superenkle metoden er rett og
slett som fylgjer;
Legg skjorta flatt på bordet.
Tegn ein fin bue frå litt nedpå ermet,
over heile brystet og til same høgd
på det andre ermet. Om du ser godt
på bildet kan du nok ane kor eg har klippa.
 
Klipp altså av øverste del av ermene,
kragen og ein del av brystet/ryggen.
No må du lage ein løpegang til strikk.
Dette kan du gjere med å kaste over og
brette skjortestoffet bak, eller (som eg
valde) sy på eit kantebånd på baksida.
Tre gjennom ein strikk. Stram til blusen
er så vid som du vil ha han.
Knyt eller sy strikken saman.
 
Ferdig!
 
No ser det ut som ein bluse med
raglanderm. Mogelegheiter for variasjon
er uendelege. Eg skal nok prøve fleire,
for dette var gøy!! Og då skal eg (kanskje)
hugse å ta nokre bilete av prosessen.
Nokre herreskjorter kan bli i overkant
posete. Når denne blusen var ferdig
gjorde eg han litt innsvinga i livet,
rett og slett ved å sy ein ny saum
innanfor den eksisterande sidesaumen.
I staden for å sy rett ned, laga eg ein liten
sving inn omtrent der eg tenker meg
midja kunne vore (fnis...).
 
Er det ikkje moro med redesign!!
Fort og gale....


Lilla fleecekjole

Kjole i polarfleece.
 Ermer og hals kanta med lys lilla ribb.
 Store, gode lommer...

Kjole med grafiske mønster

Vaksenkjole, til ein forandring!
Denne var morsom å sy.
Mønsteret er eit gammalt
vintagemønster, eigentleg
beregna på stumme stoff, og då
med glidelås i sida. Men ettersom
dette er eit stoff med stretch,
er det berre å trekke den på seg!
 Det som var morsomt var å få dei
grafiske rabattane i stoffet til å bli
nokonlunde symetriske og 
fungere på kjolen.
 Ikkje minst i sidesaumane var
det viktig å få dei til å passe saman.
 Kjolen er kanta med ein
sølvgrå ribb. Jersey og ribb; meir
som ein joggekjole, altså!


Skyline-kjole

Ein urban "skyline-kjole"!
I supermjuk vaska dongeri.
Hals og ermer er kanta med raud ribb.
 Urban byhusapplikasjon i skjørtekanten.
Kan trygt gå på bytur i denne :-)

Fargelegg-sjølv-antrekk!!

Dette morsomme stoffet i svart og kvitt
er kjøpt på IKEA. Det er ganske stivt, og
egnar seg i grunnen vel så godt til interiør
og vesker som til skjørt, men pytt pytt.
 
Dette settet har storebror sydd i
bursdagsgave til si gode venninne Julia.
Oppi veska putta vi eit sett med tekstil-
tusjar, slik at Julia kunne fargelegge sjølv.
 
For å sette litt farge på valde me
rosa ribb i livet og rosa kantebånd nede
på skjørtet. Akkurat desse to tinga er litt
vanskelegare, så det måtte litt vaksen
hjelp til.
 Veska, derimot, er heilt sjølvlaga.
Når barn skal sy sjølv er det lurt å velge
enkle løysingar, slik at dei kan få gjort mest
mogeleg sjølv. For eksempel er fungerar
det fint med ein kraftig blonde eller
eit anna bånd til hank. Då treng ein ikkje
tenke på å kante eller vrangsy hanken.

søndag 29. mars 2015

Bomullsbukser med smekke

Når det er varmt om sommaren er det
ofte ei utfordring å kle dei yngste.
Dei blir varme med for mykje kle,
men samtidig ynskjer ein ikkje at dei skal
få sol på den sarte babyhuda.
Når storebror og lillebror her i huset
var så små, leita eg etter lette bomullsbukser,
men det var ikkje mogeleg å finne i
noko anna enn søte, rosa jentevariantar.
 
Så difor:
Lette bukser som kan brukast av både
gutar og jenter, med siklesmekker til.




Ein skjørtebukett!

Her kjem eit knippe skjørt i ulike
snurrige varisjonar.
 Skjørt i raudt og grønt bomullstoff.
Det syner ikkje så godt på bildet,
men lomma er ei slags "veske";
den er festa i linningen og heng
elles laust. Gir rikeleg med plass
til ispengar, småstein eller andre
viktige ting det er nyttig å ha for handa.
 Her kjem nokre skjørt i polarfleece,
der eg har leika meg med ulike
variantar der overlocksaumen
blir ein rufsete dekor på rettsida.


 Her har eg prøvd ut eit slags
omslagsskjørt i fleece. Kanta med
eit søtt bomullskantebånd,
og festa med knappar.

 Dette skjørtet er i eit supermjukt, tynt
stoff som ser ut som godt vaska dongeri.
Kanta med jersey som gir ein ballongeffekt. 
 

 Skjørt i babycord, kanta med
raudt bomullstoff.
 
 Endå eitt med utvendige overlocsaumar.
Pynta med yo-yo med ein glad sau!

Topper og singleter

Eit lite knippe t-skjorter og toppar!!