mandag 4. mai 2015

Forkle og kokkelue

Det er vel trygt å legge ut bilde av
nokre julegaver no etter kvart.
Her er det forkle og kokkelue til
den søte grandtantejenta mi, Thea.
 I fylgje mammaen hadde ho bruk for
forkle, så når eg var på symesse i
desember jakta eg høgt og lågt etter det
perfekte stoffet.
Og vart kjempenøgd med dette!
Litt retro melkekartongaktig.
Dessutan i kraftig kvalitet.
Alle som har vore i aktivitet på
kjøkkenet veit at det fort kan skvette
litt hit og dit, og då treng ein eit
motstandsdyktig forkle.
 
Biletet er (som vanleg) litt dårleg,
men bryststykket er vrangsydd
over "skjørtet", slik at det ikkje
er nokon synlege saumar på baksida.
Usikker på om Thea-mori var
så interessert i den slags detaljar,
men det er no slikt småtteri som
er underholdande for synerdar
som meg sjølv...
 
Eg såg for meg at ei vanleg 
kokkelue vart vanskeleg å få til å
sitte ordentleg på hovudet.
Difor denne varianten med ribb
rundt hovudet istaden.
Det kan nok argumenterast
for at den liknar meir på ei
kryssing mellom alpelue
og badehette enn ei kokkelue.
MEN eg veddar på at den held
bedre styr på krøllane til kokka :-)

1 kommentar: