tirsdag 5. november 2013

Gladgenser frå Pickles

Pickles har fått butikk i Markveien,
så då måtte eg nesten berre stikke
innom for å ta ein kikk.
Kjempefin butikk!
Og...
...sjølvsagt måtte eg kjøpe litt garn.
 
Gutane har så mykje varme
ullgensarar at eg valde eit lettare
garn i 70 % bomull og 30 %
merino ull. Mjukt og godt!!
 
Oppskrifta heiter Gladgenser.
Med sjalskrage og ein del kvitt
vart det ein genser til bruk for
halvfint meir enn sandkassa.
 
 
Eg vart ganske fornøyd med
resultatet, og den var kjekk å strikke.
Men...eg må sei at eg er ikkje nokon
stor fan av strikkeplagg i bomull.
Tykkjer dei held dårleg på fasongen :-/


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar