torsdag 5. desember 2013

Monstertruck-genser

Ny genseroppskrift frå boka
Heilt spesiell og Jubel:
Sydd i turkis monstertruckstoff
og raud ribb i halsen og på armane.
Eg likar den lange ribben på armane.
I tillegg til at eg tykkjer det er fint,
er det eit fint "voks-med"-triks.
Kan berre lage ein brett på ribben
i starten, og når gensaren blir litt kort
på armen, brettar ein ned.
 
 Og så leikar eg meg so klart
med den nye coveren min;
raude pyntesaumar i raglandsaumen.
Lillebror eeelskar den!
Han er så fornøyd med mamma sin
innsats at han lurer på om eg kanskje
kan strikke ei skjorte til han til jul.
I blått eller grønt, feksempel.
Det er nemlig faborittfargane ;-)

1 kommentar:

  1. Kjempefin genser, det gjorde seg virkelig med rød ribb!
    Fin søndagskveld til deg :)

    SvarSlett