torsdag 29. august 2013

Ballkjole anno åttitallet!

Sjå kva som dukka opp
bakerst i eit skåp!!
 
Denne kongeblå kreasjonen
sydde eg då eg var 15 år og
skulle på juleball i Solhov
(ungdomshuset). Og ballkjole
måtte ein jo ha - må vite.
Så ei venninne og eg
fann mønster og sette igang.
Ho valde rosa sateng, og eg
landa altså på denne kongeblå
taften. Ikkje akkurat dei lettaste
stoffa for ferske sydamer...
Men me kom i mål!
Rett nok fekk me kynig rettleiing
frå mamma. Men me gjorde alt sjølve.
 
 
Eit lekkert sløyfebånd i livet, sydd
av svart sateng stiva opp med vliselin,
og sløyfer strødd ut over skjørtet.
 
 Den svarte "bringekluten" eller kva ein
skal kalle det, var ikkje med i mønsteret,
men måtte til for at kjolen skulle bli
anstendig nok til å gå ut av huset i.
Uvisst av kva årsak, vart utringinga nemleg
noko meir generøs en det som høver seg
- spesielt når ein er 15 og skal på
"alkoholfritt" juleball på ungdomshuset.
 Masse detaljar som skjult glidelås
og hemper på ermene.
 
Eg VEIT eg har eit bilde ein plass
av oss begge i dei lekre kjolane.
Prikken over i-en er ein herleg
permanent, så vidt eg kan hugse.
 
Mi medsammensvorne sydame har
gitt tillatelse til å legge ut bilde om
finn det. Så her er det berre å glede seg :-)
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar