onsdag 28. august 2013

Singlet er kuuult!!

I sommar har guttane valgt stoff
sjølv til kvar sin singlet.
Singlet viste seg å vere sopass
kult at det må forhandlast om når
dei kan vaskast. Helst skulle dei
vore i bruk både natt og dag...
 
Her er det storebror som poserar.
 

 
 
Arm- og halsopningen er kanta med
ribb og tvillingnål. Det gikk greit
å få sydd på ribben, og det såg ok
ut, men lillebror sin begynnar å
rakne litt i saumen enkelte plassar.
Den erfaringen har eg gjort på
andre plagg sydd med tvillingnål og. 
 
MEN no har Tråkleguri fått seg
Covermaskin!!! Så då håpar eg
det skal bli slutt på saumar som
raknar...
 
Vidunderet er under utprøving,
og skal bli presentert i eit heilt
eige innlegg :-)
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar