lørdag 14. september 2013

Kjole i Missoni-inspirert stoff

Her er ein kjole eg har sydd
til meg sjølv i eit lett strikkestoff
eg kjøpte i Barcelona i vår.
Fargane kjem ikkje så godt fram
på bildet, som vanleg. Det er vel
like før nokon tvangssender meg
på fotokurs... Egentleg er dei litt
varmare enn dei ser ut som her,
og minnar meg om det klassiske
Missoni-mønsteret.
 
 
Halslinningen er kanta med
grått sateng-kantebånd.
Dette var delvis fordi eg tykte
det fint å lage ein kontrast 
mellom strikkestoffet og den
blanke satengen. Og delvis
fordi stoffet er ganske "laust"
i kvaliteten samtidig som det er
ein del tyngde i det. Eit fast
kantebånd vil difor kunne
hjelpe å holde fasongen.
 
 
Ettersom stoffet er såpass
transparent, brukar eg ein
brun underkjole inni.
Lengden på kjolen er tilpassa
slik at blondekanten på
underkjolen såvidt stikk ut.
 
 
Kjolen er testa, og eg må
sei eg er ganske fornøyd.
Kjempebehageleg å ha på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar