søndag 11. mars 2012

Retrokjole av loppis-skatt

Eg var på loppis i vår, og fann nokre små
stoffskattar. Trur eg betalte ca 20,- for ein
pose med litt forskjellig. Og då må ein
nesten sjå bort frå at eg har innkjøpsstopp
for å slanke stofflageret...

Ikkje at stoffet strengt tatt tek mindre
plass dersom det er nesten gratis,
men slikt blir flisespikkeri.

Denne er sydd av eit stoff eg tippar
er frå 70-talet ein gong.
Litt retro-syntetisk.
Og skikkeleg fin blåfarge!


 Kjolen er halvfora (altså fora i overdelen)
med same stoffet. Det er så lett og
glatt at det fungerar fint som for.

 På nærbilete visar både mønster
og farge bedre. Og så ein liten knapp
til pynt, så klart. Også denne frå min
tidlegare omtalte knappesamling :)

Størrelse ca 80.

2 kommentarer:

  1. Herlige kjole :) Så kjekt med slike loppeskattar :)
    Hardt å ha innkjøpsstopp då i stoffhyllene....)

    SvarSlett
  2. Kjempefin! Her er det også kjøpestopp, det er fullt fullt fullt....

    SvarSlett