mandag 20. februar 2012

Ullfilt med vottelommer

No som jula eg godt og vel overstått,
går det vel an å legge ut litt julegaver
som eg har heilt gløymt vekk...

Her er to blå kjolar i ullfilt til mine
to knusesøte grandnieser,
som eg er stolt fadder til!

Den minste er i størrelse ca 74 og
den andre er i størrelse ca 5 år.
Eige mønster, så størrelsane er litt
omtrentlege. Det som er praktisk med
denne modellen, er at den kan brukast
som tunika etter kvart som eigaren veks.


På brystet har eg brodert namn
med naturkvit ulltråd.


Lommene i naturkvit ullfilt er
forma som vottar.

Nedre del av kjolen har fått brodert
ulike snøkrystallar i det naturkvite
ullgarnet, slik at det blir skikkeleg
vinterkjole!

5 kommentarer:

  1. Så nydelige kjoler. Flotte detaljer du har fått med også :)

    SvarSlett
  2. Flotte kjolar med tidkrevande detaljar!

    SvarSlett
  3. Så utrolig fine og morsomme disse var! :)

    SvarSlett