søndag 18. desember 2011

Vaksenkjole i vinterfrotte og denim

No har eg prøvd meg på en vaksenkjole
igjen. Litt skumlare enn barnekle,
men veldig kjekt.

Dette var bursdagsgave til lillesøster.


Kjolen er sydd etter eit Onion 2007-
mønster, og hetta er frå Tante Mie.
Eg har sydd eit par kjolar til
meg sjølv i denne fasongen
(note to self; husk å blogge bilete...)
Behageleg og fin som "kosekjole"!

Stoffet er heilt herleg!!
Vinterfrotte, heiter det.
Dette ser ut om som vanleg frotte,
men er tjukkare og varmare.
Baksida er meir som fleece.

Tenker den skal varme ei
frossen lillesøster i vinter :)


Hetta er relativt stor og spiss i
fasongen, og litt høg framme i halsen.
Den er fora med bomullschambrey
(heilt tynt og mjukt dongeristoff)
og har ein tittekant av tynn blonde.


Lommene er også fora med
bomullschambrey, og pynta med
tittekant i blonde.

Kjolen var litt for kort på ermene,
så eg har endra dei i forhold til biletet.
Tok av den avslutningen som er der
no, og laga ein som var tre gonger
så lang. Det vart i grunnen berre fint.

5 kommentarer:

  1. Knallfin kjole med søte detaljer!!
    herlige stoffer :)

    SvarSlett
  2. Utrolig nydelig kjole. Fine detaljer. Nå blir nok din søster glad!

    lilleplutt.no

    SvarSlett
  3. Tusen takk for kjempefine tilbakemeldingar!!

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  4. Den så utrolig deilig ut:) Likte blondedetaljene!

    SvarSlett
  5. Så fin kjole! Veldig heldig søster som får slik til sin bursdag!

    SvarSlett