onsdag 14. desember 2011

Høøøg prinsessefaktor!

Dette er skikkeleg høg prinsessefaktor,
iallfall til å komme frå Tråkleguri.

Utgangspunktet var at eg hadde
lyst å prøve ut noko eg ikkje kunne;
lage ein kjole i gjennomsiktig stoff
der eg fora sjølve kjolen,
men ikkje ermene.

Bruke mønster??
Neeei. Kjekkare å starte i ein
ende og sjå kor det endar...


Stoffet er eit kjempefint, lys lilla
stoff, med innvevde dekortrådar,
blomster m.m.

Kvit blonde i halsen,
og ein pynteknapp i litt mørkare lilla
for å dempe pastellen litt.


Underkjole i tynt, kvitt bomullstoff
kanta med same kvite blonden som i halsen.
Og same lilla knappen løfter ein liten
flik av kjolen slik at underkjolen viser.

Alt i alt vart resultatet slett ikkje så
verst. Håpar nokon vil bli prinsesse
i denne kjolen...

Sjølv kjenner eg at eg må skunde
meg å legge ut bilde av nokre brune
fleecekjolar eller noko ;)


1 kommentar: