søndag 8. mai 2011

Her er kvalen som skulle vore strikka...!

I innlegget 1.mars skreiv eg om bestillingen frå storebror på 3;
"Mamma? Kan du strikke en hval?"

Anar ikkje kvar den ideen kom frå, og etter å ha brukt alt frå retorikk til utpressing for å få han til å velge noko anna, innsåg eg at det nok var kval han skulle vere på karnevalet i år.

Eg var litt usikker på kvar ein startar når ein skal lage ein kval,
men det vart iallfall ikkje med strikkepinnar.

Her er det ferdige resultatet. Litt vanskeleg å knipse gode bilete av ein kval i konstant bevegelse, men sjøl desse bileta avslører at han nok lignar mest på ein overraska og svolten hai.
Sydd i svart fleece med kvite filttenner, totalt etter innfallsmetoden.
Det spelar liten rolle, for storebror kvitterte med
"Det var akkurat sånn jeg ville ha, mamma!"



5 kommentarer:

  1. Flott blogg!
    Du har fått en Award, ta en titt i min blogg, der finner du den! :)

    SvarSlett
  2. Synest det var utruleg bra komme på å ville vere kval på karneval! Og kvalen var søt, den.

    SvarSlett
  3. Hihi, så morsom!

    ps, har lagt meg til som følger :)

    SvarSlett