mandag 23. mai 2011

Cowboyskjerf og linbukser

Alle som kjenner meg veit at eg er fødd for seint.
Kanskje omtrent hundre år.
Alt som er teknisk og har ein stikkontakt gjer meg litt tom i blikket. Det er difor veeeeeeldig mange (enkle) ting eg ikkje har utforska på min kjære overlockmaskin.

Men i eit anfall av teknisk interesse (og eit blaff av venskapleg innstilling til bruksanvisning)
har eg testa ut ein ny saum.
Ein heilt vanleg standardsaum som kallast rullefald.



Som de ser er det kjempefint til å kante skjerf til småfolk. 
Det er også ein perfekt kanting til alle slags tynne stoff der ein fald blir litt for stivt og klumpete.

HURRA!

Er så morsomt at det er rett før eg klipper av og rullefalder alt frå badehåndkle til far i huset sine olabukser.
Men....eg får vel prøve å styre meg.


Syr faktisk nokon ting utan rullefald og.
Blant anna linbukser.
Har hatt liggande eit linstoff som eg tykkjer er så fint,
og som er ser for meg kunne brukast til veldig mykje!
Men sidan eg aldri kan bestemme meg, tok eg ein sjefsbestemmelse og
klipte ut tre linbukser i full fart (før eg rakk å ombestemme meg).

Heilt enkle med strikk i livet og i foten, og med ei lomme på eine foten.
Tanken var at eg til ein forandring skulle prøve å lage noko som gutar og kan bruke.
Linbukser er typisk unisex.
Heilt til eg på autopilot kom i skade for å sy ein smule feminine pyntesaumar på lomma...
 Ifølge far i huset (som har greie på slikt) er det over og ut som guttebukser.
Jaja.
Slik kan det gå.
Jippijaja! Seier eg berre.

HA EI FIN-FIN VEKE!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar