onsdag 4. mai 2011

Kjekkasgenser og strikkevotter

Her er litt strikk som eg har gløymt å blogge. Gensaren byrjar alt å bli litt knapp i størrelsen...! Han er strikka i Sandnes sitt Duett-garn (50% ull og 50% bomull). Den er varm og mjuk, men eg vart likevel ikkje så begeistra for dette garnet. Gensaren skulle strikkast på ganske tjukke pinnar, og eg tykte ville bli litt ujevnt. Dessutan vart det ganske fort nuppar.


Mønsteret er henta frå nettsida Pickles og heiter Kjekkasgenser.
Veldig ukomplisert møster som trygt kan prøvast.



Vottar strikka i rillestrikk etter oppskrift frå Nøstebarn. Fasongen er god, og gutane likar veldig godt å ha dei på seg. Strikkevottar er fine å leike i fordi får mykje bedre grep på leikene enn med tjukke polvottar.

 


4 kommentarer:

  1. Kjempefin genser! Fint at du forteller hvordan garntypen var forhold til genseren.

    Og så tøffer votter!! :)

    SvarSlett
  2. Det ble en fin kjekkas genser:-)Fin modell på genseren og fine votter til!

    SvarSlett
  3. Takk!

    Ja, det er veldig greit å utveksle erfaringar med både ulike garntypar og mønstre.

    SvarSlett
  4. Kjempefine, både genseren og vottene! Synes disse kjekkasgensrene er så nydelig på de søte små=)

    SvarSlett