fredag 29. april 2011

Interiør!

Huset vårt er prega av labert engasjement på interiørfronten. 
Men no har eg plutseleg fått eit kreativt oppsving!
I tilfelle dette skulle vise seg å berre vere eit blaff, må eg berre smi mens jernet er varmt...
Eg har massevis av prosjekt eg har lyst til å putle med framover. Det er ikkje totalrenovering på tegnebrettet, men overkommelege småting som er kjekt å styre med og fine å sjå på. 
Det meste blir nok foreviga her i "minneboka" mi. Skulle det inspirere nokon andre er det jo kjempefint!

Å halde det nokonlunde ryddig i ei lita stove full av leiker er ei utfordring.
Sjølv om eg har to gutar, er kokkelering og leikemat ein av favorittaktivitetane. Kjøkkenområdet deira er diverre nærast eit katastrofeområde!!



På biletet over er det ikkje akkurat ryddig i hyllene heller, men eg kan underskrive på at med gutar på 1,5 og 3 år er ryddig og organisering i fine korger eit håplaust prosjekt. Slik ser det ut når dei har rydda opp etter seg, og når dei faktisk har rydda alt på plass i hylla kan ikkje mamma klaga over at det ikkje ser pent ut...

Løysinga vart å skru fast ein gardinspiral og sy ei lingardin.
Dra for gardina, og vips slepp ein å sjå på kaoset!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar