torsdag 28. april 2011

Eg har fått Award!!

Eg har vore så heldig å få en Award frå ei kreativ dame med bloggen Karis`trå!!



Gøy!!

Særleg ettersom det har vore laber aktivitet i bloggen min ei stund. Satsar på at dette skal endre seg no.
Lista over ting eg har lyst til å lage er så lang at eg ikkje kjem til å rekke det om eg blir hundre år.
Men det er ikkje så farleg. Eg har (nesten) like stor glede av å planlegge prosjekta.

Med Awarden følger ei utfordring; eg må fortelle 8 ting om meg sjølv.
Kan ikkje komme på så mykje spennande, men for dei som måtte vere interessert:

1. Eg har verdens beste gutar på 1,5 og 3 år.

2. Eg har ein sambuar som er den snillaste, mest omsorgsfulle person eg veit om.

3. Eg er veldig glad i å sy, strikke, helke - i det heile tatt alle slags kreative hobbyaktivitetar.

4. Ei stund har ryggen min hindra meg frå å sy, men no er han reparert så følg med i bloggen for hyppige oppdateringar.

5. Akkurat no kjennes det ut som om våren er yndlingsårstida mi. Gledar meg til å komme igang med å plante frø og til å fylle krukker og potter med flotte sommarblomster.

6. Eg er ei vestlandsjente busett i Oslo.

7. Eg er glad i å lage/kose meg med god mat og drikke saman med sambuaren min eller gode venner.

8. Det finaste eg veit, og det eg prioriterar høgast av alt er det å gjere store og små ting saman med dei tre gutane mine!

Det finst så mange kreative, flotte bloggar som eg får masse inspirasjon av å kikke på, og som eg tykkjer fortjener ein Award. Denne Awarden er forbeholdt dei som har mindre enn 100 følgarar, og då blir mine utvalde desse 5:
Kaoz
Manias
Momarori
Marens hjørne
House of Hopen

4 kommentarer:

  1. Hei! Takk for award:-) Du syr masse fint selv og de porselensetta var jo knallfine! Ha en fortsatt fin kveld - Manias-

    SvarSlett
  2. Heihei! Så gøy da!!

    Jeg har akkurat kjørt en award, men skal tenke litt på hvilke andre fem som fortjener oppmerksomheten!

    Tusen takk!

    SvarSlett
  3. 1000 takk for award! Jeg skal følge opp, men først må jeg tenke litt....
    Utrolig hyggelig gjort av deg!!!

    Klem fra Solveig

    SvarSlett
  4. Tuusen takk! Den setter jeg pris på!
    Klem

    SvarSlett