mandag 21. april 2014

Ridderkostyme og vikingkostyme

Årets tema her i huset var
ridder og viking.
 
Lillebror var ridderen. Eg hekla
ridderhjelm i sølvgrått bomullsgarn.
Han klør lett av ullhuer, og dessutan er
jo dette eit kostyme ein kan få lyst
til å bruke i varmare ver og...
Eg har sett bilete av slike hjelmar,
og tykte dei var så morsomme.
Så eg var i grunnen glad for oppdraget.
Eg hadde ikkje oppskrift, men starta
på toppen og auka utover til den vart passe
vid rundt hovudet. Så hekla eg nedover til
den nådde passe langt ned. Deretter hekla
eg fram og tilbake for å få ei kappe som
gikk ned i nakken. Til slutt hekla eg
visiret, som vart festa på sidene med
knapp, slik at det kan tas opp og ned
- alt ettersom om ein er i kamp eller ikkje.
 
Drakta er sydd i lett, grått bomullstoff.
Nede er den fora med svart stoff
for at den skulle bli litt meir stødig
med dei "taggane" som heng ned.
(veit ikkje kva slikt heiter på ridderspråket,
men me har sett det på bildet og det
er kuuuult!) I hals og ermehola
er det berre svart kantebånd.
Våpenskjoldet er sydd i svart
bomullstoff, og RidderMons
har fått sitt eige våpenskjold
med ein M i sølv. Denne er klipt
ut av eit A4-påstrykingsark kjøpt på
Stoff og Stil.
 Storebror ville vere viking.
Han har studert bilete og laga ein
detaljert bestilling. Her vart det også
hekla hjelm. I eit forsøk på å vere litt
pedagogisk og lære litt om vikingane
med det same, fortalde eg at det er ein
myte at vikingane hadde horn på hjelmen.
Då ville heller ikkje han ha horn.
Det skapte jo visse utfordringar...
Med horn er det jo lett å sjå at det er
ein vikinghjelm. Utan, derimot...
Lignar litt på ein pavehatt, i grunnen.
Men med resten av kostymet gikk
det greit. Vikingen var fornøyd sjølv,
iallfall. Her starta eg heklinga med å
lage hovudomkretsen med luftmaskar,
og så hekla eg vidare oppover med
halvstavar. Etter passe høgd, minska
eg masketallet og forsøkte å få den til
å bli litt spiss i toppen. Dei beige bånda
er hekla for seg sjølv, og sydde på
til slutt.
Kjortelen er sydd i kraftig, brun lin,
kanta med vevde bånd.
Pels på leggen (frå ein fusk, altså!)

1 kommentar:

  1. Wow for noen flotte kostymer! Er spesielt imponert over heklehjelmene du har laget!

    SvarSlett