torsdag 24. april 2014

Bursdagsrakett

Me har jo ein tradisjon her i huset på
at gutane får velge seg ei bursdagskake
som forestiller noko.
 
Årets ønske om bursdagskake
frå storebror, var ein romrakett.
 
Vel...det viste seg å vere vanskelegare
enn eg hadde tenkt, så den vart litt rufsete...
 
Konstruksjonen er som følger;
ein tom pepperkakeboks kledd med
aluminiumsfolie. Ringar med platekake
oppå kvarandre i minkande størrelse, 
der den underste har same omkrets som 
pepperkakeboksen.
Støttebeina (eller kva det no heiter på
romrakettspråket) er også forma av kake.
Og alt er sjølvsagt klint saman med rikeleg
glasur. Og!!
Ein fiffig liten overraskelse til 
bursdagsguten; alle ringane var forma 
som smultringar, og på den måten vart
kaka hul inni. Før eg satte på toppen,
fylte eg den med smarties og anna
godteri i same størrelse. Når han kutta det
første kakestykket og "åpna døra"
rann det ut godteri. Gøy, syntes både
eg og bursdagsguten ;-)
 
 Romrakettar brukar jo å gå til vers med
mykje flammar og gnistresprut. Så det
skulle vår rakett gjere og. No er ikkje
denne mammaen pyroteknikar, så det
beste eg kom opp med var is-fyrverkeri,
som sendte gnistregnet oppover
istaden for nedover.
Selskapet talde frå ti til ein, og så tente me
på spetakkelet!! Puh! Glad når det slokna...
Men det måtte vere bursdagssang og
utblåsing av lys og, så me klarte å skvise
saman 6 lys på toppen.
 
Hurra for bursdagsgutten min!!

1 kommentar:

  1. WOW. Det var en flott kake! :)
    Og kjempefine kostymer under her. Kostymer er gøy.
    Ellen :)

    SvarSlett