lørdag 17. august 2013

Bloggeferien er over!!

Sommarferie = laaang bloggepause
 
Eg har hatt ein kjempefin sommar
med massevis av kvalitetstid saman
med dei tre favorittgutane mine!
 
Sykroken har difor vore langt nede
på prioriteringslista. Men ein saum
her og ein saum der blir det jo alltids.
 
Så hausten vert sparka igang med
litt oppdatering av sommarens aktivitetar.
 
Først nokre skjørt.
 
Dei to skjørta nedanfor,
i bomullstoff i grønt og raudt,
har fått "lommetaske" som heng
laust istaden for vanleg lomme.
Viktig å ha ein plass å oppbevare
alle store og små skattar ein kjem over :-)
 



 Eitt oransje skjørt med mønster,
ribb og fløyelsbånd i turkis.  


 
Eitt skjørt med med roser, kapper og blonder.
(ikkje skeivt og skakt,
berre den vanlege, dårlege fotografen)
 

 
Eitt i skjørt i retroinspirert gul-oransje,
med ein av dei herlege, stripete
Hilco-ribbane eg er fan av.
Pynta med king-size-kroklisser.
 
 
Og til slutt eit skjørt sydd av
panelar i lin og olastoff. 
Også her har Hilco vore ute 
med stripe-ribben sin.  

 
Overgangar
med innsydde, mørkeblå kroklisser.
 
 Og ei lomme med legg,
og ein sommarleg knapp.
 
Og med dette er
bloggesommarferien over!!!

1 kommentar:

  1. Heisann. Du har vunnet blogg-lotteriet mitt. Send meg en mail (til hobbykrok@yahoo.no) med navn og adresse så snart du kan. Grattis!! :)

    SvarSlett