No er det så lenge sidan eg har
sydd selekjolar! Men selekjolar
tykkjer eg i grunnen er ganske fint!
Trur eg må ta meg eit tak her...
Det er jo praktiske plagg no når
det går mot vår og sommar og;
Passar til både hustrige og varmare dagar
- alt ettersom kva ein tek inni.
Her er ein selekjole i størrelse ca 3 år,
men den kan brukast veldig lenge;
frå kjole til tunika!
Kjolen er sydd i raud babycord,
og halvfora med eit eit grøn- og
kvitmønstra bomullstoff,
som også er brukt til lomme.
Fine, raude knappar på selane
og til pynt på lomma.
FIN !
SvarSlettFlott kjole!
SvarSlettHar lagt til bloggen din på blogglista mi slik at eg kan følgje med på alt det fine du syr:)
Ha ein fin dag!