lørdag 20. april 2013

Siste rest av fleecekjolar før me tek sommar

Her er to fleecekjolar som har
vorte liggande, ublogga og utan
eigar. Det blir nok ikkje sydd meir
i fleece no. Det fristar meir med
flagrande, fargerike gevantar som
ber bod om vår og sommar.
 
Men samtidig er det nok ei lita
stund til der det er ganske deilig
med ein lun og varm fleecekjole
over tightsen og genseren...
 
Begge er i polarfleece. Denne blå
 er kanta med stripete og fin Hilco-ribb,
dekorert med håndsydde blomster
på stilkar av kroklisser. Og litt
litt knappepynt, som vanleg...
 
 
Bakstykket er delt,
med kvit fleece øverst.
Han ser litt skeiv ut, men eg er 
flinkare til å sy enn å ta bilder,
så det er nok ein optisk illusjon ;) 
 
 
Denne vesle saken her er i str 74,
og i så liten størrelse ser den meir
ut som ein tunika.
Men det kan han godt brukast til og...
Med god vidde, kan han brukast lenge.  
 
 
Hals- og ermeåpningar er kanta med
kvit ribb. Og på magen er det
applikert på eit stort hjarte i
rutete jersey.
 
 
Og med det trur eg at eg sler med
på vår og sommarkleda!!
 
Med mindre eg har noko anna
liggande - som har vorte bortgløymt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar