onsdag 27. februar 2013

Mine fyrste sokkar etter oppskrift!!

Eg har strikka nokre få sokkar
før i mitt liv, men då har eg hatt
nokon sittande over skuldra mi
for å forklare meg korleis eg skal
få til dette mysteriet av ei hælfelling.
 
Og eg hugsar det jo ikkje frå den
eine sokken til den andre
- i det same paret...
 
Men NO har eg bestemt meg;
Eg skal komme igang ein gong
for alle, og eg treng ei oppskrift
slik at eg ikkje treng å
vere avhengig av co-pilot.
 
Og sjå her!!
Mitt fyrste eksemplar,
fotografert på beina til den svært
fornøyde mottakaren.
 
Eit under middels trena auge
vil nok kunne avsløre at den eine
sokken er ein knapp cm lenger
enn den andre. Men eg fekk ikkje
teke det opp att, ettersom
storebror sat klar til å prøve,
og tykte dei var meir enn like nok : )
 
 
Pytt sann.
Bedre lykke neste gong.
Til tross for pittelitt forskjell
i størrelse, er eg kry som ei høne.
 
 
Og her er boka som får æra;
 
 
Denne boka kan eg berre anbefale!
Bortsett frå oppskrift på fleire ulike
hæl- og tåfellingar, er det massevis
av andre fristande prosjekt;
luer og pannebånd, vottar, skjerf,
dokkeklede med meir.  
Mykje er verken stort
eller komplisert, noko som
tiltalar slike som meg som
ikkje er nokon superstrikkar.
I tillegg er det strikkeskule
- slik at kanskje sjølv eg ein
gong kan BLI superstrikkar...
 
(Neida. Får ikkje bestikkelse
frå Gyldendal)

3 kommentarer:

  1. Fine sokker. Man må jo starte et sted for å få det til. Jeg er ikke glad i å strikke sokker. Synes det er så kjedelig. Men det er jo veldig praktiske plagg så skulle vært flinkere til å gjøre det.

    SvarSlett
  2. Ja ikkje sant... Kan vel ikkje vere ekspert med ein gong!
    Blir sikkert kjedeleg etter kvart, men akkurat no var det kjekt. Så fornøyd med endeleg å ha komme igang! Og så er det jo ein praktisk ting å kunne når ein har små barn, som veks ut av sokkane kvart år... Ingenting som er like godt som heimestrikka sokkar i gummistøvlane!

    SvarSlett
  3. Så flink du har vært!!! Jeg har ikke tålmodighet til å strikke med fem pinner, så detblir ikke sokkestrikking på meg. Never! :)
    Takk for tips ang. vinkork på strikkepinner. Genialt. Det skal jeg bruke når jeg strikker fletter neste gang.
    Ellen :)

    SvarSlett