fredag 16. november 2012

Hekla lyslykter

Syltetøyglasa har fått seg eit
hekla trekk og eit telys inni.
Sim-salabim; Koselege lyslykter!
 
I grunnen hadde eg sett for meg
nokre små og nette lykter.
Men ettersom alle dei små glasa
(faktisk alle dei som er pittelitt større også)
er okkupert i forbindelse med
julegåveproduksjon,
måtte eg over på solide syltetøyglass:
 
 
Ettersom glasa var litt robuste,
var det flaks at eg hadde eit robust
garn for hånda og;
Paris frå Drops,
i to ulike gråfargar.
 
Dette er typisk eit innfallsprosjekt
av typen "det er fem minuttar til
filmen begynnar og eg treng eit
eller anna å tutle med!"
 
Så slik sett er sjølvsagt både garn,
heklenål nr 4 (låg tilfeldigvis i
vinduskarmen saman med eit anna
prosjekt) og sløyfebånda øverst
fullstendig tilfeldig valgt.
 
 
Men eg tykte dei vart ganske koselege lell.
 
 
Hmmm... No e me klar for ein episode
av Borgen. Og eg har ikkje noko prosjekt!
Må ile av gårde å finne eitt eller anna
eg kan pimpe opp...
 
Ha ein fin fredagskveld!!

1 kommentar:

  1. Tusen takk for kjempekoseleg kommentar på bloggen min! Gjev inspirasjon til å framleis bruke tid på blogging innimellom alt det andre som ein skal bruke tid på.
    Artige ljoslykter, det er moro å sjå kva andre brukar heklenåla til!

    SvarSlett