torsdag 29. november 2012

Symesse!!!

 
I morgon er det symesse på Lillestrøm!!!
 
Eg gledar meg som ein unge på julafta.
 
Det blir såååå masse å fint å sjå.
Og det verste er at det kan kjøpast og...!
 
No har det seg slik at eg har
innkjøpsstopp for tida.
Sjølvpålagt, vel og merke.
Regelen er at eg berre kan kjøpe
"suppleringsstoff". Det vil sei stoff
eg treng for å få sydd av det eg
allerede har på lager.
 
Diverre har det ikkje hatt ønska effekt.
Stofflageret krympar veldig sakte.
 
Ettersom innkjøpsstoppen er
sjølvpålagt, er det eg som lagar
reglane. Også reglar for dispensasjon
 
"Eg ser for meg ei nydeleg lomme
av dette stoffet, men eg treng 
stoff til ein kjole lomma kan sitte på."
 
"Eg treng ei ny sybok, slik at eg kan
få nye idear til kva eg skal bruke
alle stoffa mine til."
 
Slike gode argument brukar å
vinne fram.
 
Men på symessa kan eg rett og slett
ikkje bruke tid på behandling av
ei endelaus rekkje dispensasjonssøknadar.
Innkjøpsstoppen er difor
midlertidig oppheva.
 
Dette kan bli interessant.
 
Fortsettelse følger.
 
No må eg gå og legge meg
slik at eg er opplagt og
skjerpa til i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar