søndag 12. februar 2012

Romantisk, nostalgisk...

Er ikkje denne fleecen fin...?
Den vart med frå Sverige i sommar.
Eg var litt stoffsjuk, så eg fekk mann og
barn til å tråle rundt saman med meg for
å finne ein stoffbutikk.

Til slutt fann me ein, litt utanfor området
der me ellers hadde tenkt oss, men men...
Der var det litt av kvart fint! 
Dama i kassen såg litt forundra ut, både
over kjøpelysta og samansetninga av stoff.

"Ja-ha..."
med eit litt undrande tonefall :)

Ho kunne vel ikkje vite at det ikkje
skulle monterast samen til ein ting,
men at det inne i hovudet mitt svirra rundt
idear til ein heil masse søte, små kreasjonar... 


Denne fleecen, blant anna.
Som var såpass "utanfor sesongen"
(ref:Ragnar Hovland) i juli, at eg hadde
gløymt han bort bakerst i ei hylle.

Eg tykte den var så fin i seg sjølv,
at eg kun sydde ein enkel, lett blonde
over brystet, og kanta ermer og halsringing.
Den øverste er kanta med kvit ribb.

Den nederste er kanta med strikk-blonde
(heiter det strikk-blonde...?).
Sjølv tykte eg sistnemnde vart finast.
Trur eg skal bruke meir slik strikk!
Har rett og slett gløymt kva størrelse
det var. Men ca 80-86.

OBS! Særleg den øverste ser litt
skeiv ut, men det er berre fotografen
(undertegna) som ikkje er heilt i vater...

Tråkleguri ynskjer alle ei flott veke!

3 kommentarer:

  1. Nydelige kjoler i kjempefint stoff! Var herlig med blondekant, spørs om jeg også må investere i strikkblonder :)

    SvarSlett
  2. Utrolig nydelig kjole. Og et fantastisk stoff!

    SvarSlett
  3. Å, eg ser for meg nokre søte små tuller stabbande rundt i desse kjolane, det blir koseleg, det!

    SvarSlett