søndag 23. oktober 2011

Feigingkjole, med rosa kaniner...

Kvifor det er ein feigingkjole?

Historien er i grunnen
på grensa til flau;

I vår kom det ei nydeleg lita
grandniese til verda.
Og eg vart utruleg stolt og glad når eg
fekk æra av å vere fadder!!

Eg fekk lov av den nybakte mammaen
å finne kjolen snuppa skulle bruke på
dåpsdagen (etter dåpskjolen, altså).
Då tenkte eg sjølsagt at det hadde vore
koseleg å lage den sjølv.

Storstilt planlegging,
leiting etter det rette mønsteret,
spekulering om kva slags stoff,
kanskje brodere namn på!

Ugh!
Tenk om han ikkje blir fin nok...

Meir fundering og planlegging.

Sy prøvekjole.
Vart ganske søt den.
Men kjem eg til å klare å få den like fin i
silken eg har kjøpt....????

Eg feiga ut og det vart
kjøpekjole!!

Men prøvekjolen i størrelse 74 er
i grunnen ganske søt...


Kjolen i kvitt bomullstoff med
rosa kaniner er sydd med franske saumar.
Dvs at det ikkje er synlege
stoffkantar inni kjolen.

I mønsteret var det glidelås i ryggen.
Det tykte eg virka litt klumpete, 
(ein så liten baby ligg mykje på ryggen...) 
så eg laga istaden ein knappestolpe og
sydde på små, tynne, gjennomsiktige
trykknappar i plastikk.


Bryststykket har eit eit felt med legg.
Fyrste gong eg prøver dette,
men det var ein veldig søt detalj,
så det dukkar nok opp fleire gonger.


Liten, søt blonde som stikk fram
under skjørtekanten, for å øke
snuppefaktoren.

3 kommentarer:

  1. Den var supersøøøøt! <3 En slik holder jo ei lang stund også!

    Klem fra meg :)

    SvarSlett
  2. Nydelig kjole! Synd at du feiga ut ;)

    SvarSlett
  3. :) va jo kjempefin, konde godt ha vorte brukt :) men va fin dann du kjøpte åg :) tuuusen takk

    SvarSlett