søndag 16. oktober 2011

Prikkete jippi-romantica

Endeleg eit nytt innlegg på bloggen!!

På grunn av en kranglete rygg
blir det langt mindre tid framfor
symaskina enn det Tråkleguri kunne
ha lyst til.

Kvifor ho ikkje rotar seg til å blogge
det vetle ho tråklar ihop,
er det vanskelegare å gi noko
fornuftig svar på.

Men er her iallfall versjon to av
Jippi-romantica-oh-yeah!


Same modell som forrige
"sengetøybluse".
Men med litt innsving i sidene.
Kjem ikkje så godt fram på
bilete, men det vart finare fasong.
Eg er veldig svai i ryggen,
så utan innsnitt i ryggen blir kleda
lett liggande i folder.
Kunne kanskje prøvd å lage det,
dette er jo ein lausthengande modell
så det får gå.
Ser dessutan betre ut IRL enn på bilete.
Denne gongen i eit litt sprøtt
raudt stoff med kvite prikkar.
Litt mykje, kanskje.
Men fint, tykkjer eg.

1 kommentar: