fredag 23. september 2011

Jippi-romantica-oh-yeah!!

Denne blusen er sydd
fra boka "Made by me"
- som eg skreiv om i forrige innlegg.

Den har det fengande namnet
Jippi-romantica-oh-yeah!
Derav overskrifta...

Kjempefin passform for oss som
har meir eplefasong enn pærefasong
- dvs er litt runde over magepartiet.


 Ettersom eg i første omgang
ville teste ut mønsteret,
er han sydd av eit gammalt
dynetrekk frå KID.

Blusen har vist seg å vere så
behageleg at eg nesten har budd i han!
Flaks eg sydde av eit dynetrekk
som kan vaskast på 60 grader ;)


Eg har tatt av ein del på lengden
og droppa strikken nede.

Kjempefornøyd!
Men kanskje i overkant posete.
Neste gong skal eg difor lage litt
meir innsving i sidene.

1 kommentar:

  1. Fin bluse og fint mønster også. Det likte jeg :-)

    www.karistraa.blogspot.com

    SvarSlett