torsdag 21. juli 2011

Ny symaskin!!



Eg har bestemt meg!
Ei ny symaskin skal flytte inn i sykroken min.

 No syr eg på ei eldre, brukt Brother-maskin
som eg har fått overta etter ei snill sydame.

Men det er nokre små manglar:
- har ikkje instruksjonsboka 
- det vert berre plunder med tvillingsaum
- har feil knappholsfot og får difor ikkje sydd knapphol

Alt i alt har eg altså overbevist meg sjølv om at
det er HEILT nødvendig med ei ny maskin.

Etter langt grundigare undersøking enn ved bilkjøp
har valget no landa på dette vidunderet:
Quantum Stylist™ 9960
Egenskaper:
103 sømmer
13 stk. knapphull
Alfabet i ulike stiler
Justerbar trådspenning
Innebygget trådklipp
Informasjondisplay
Kraftig metallramme

Er den ikkje heilt fantastisk...?!
Gledar meg stort til å prøve!!
Eg får den ikkje før om eit par veker,
men me fartar rundt på ferie for tida uansett... 






6 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny symaskin. Den såg kjekk ut! Eg har akkurat oppdaga bloggen din, og liker den veldig godt. Takk for masse inspirasjon til ein fersk blogger!!
    Hilsen Arnhild.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med valget :) Jeg elsker min så langt i alle fall :D

    SvarSlett
  3. Så hyggeleg å høyre at du likar bloggen min, Arnhild:) Eg har kikka i din, og jammen har du laga mykje fint!!

    Knuffel; gledar meg vilt til vidunderet kjem i hus!! Veldig betryggande at du e fornøyd...
    Blir blant anna veldig spennande å prøve bokstavane. Det har et aldri vore borti.

    SvarSlett
  4. så gøy!!!!
    altid stas med nye maskiner!!!!
    lykke til med det nye vidunderet :)

    SvarSlett
  5. Takk lykkeliten :)

    Me synerdar blir jo som barn i godtebutikken berre me ser ei stoff-fille, så då kan ein berre tenke seg korleis det blir når ein skal få ei heil symaskin...!!!

    SvarSlett
  6. Gratulerer med ny maskin! :)
    Og takk for flotte lenker i tillegg til alt det flotte og inspirerende du skaper!

    Klem fra Eva Mari

    SvarSlett