søndag 24. juli 2011

Olakjole med babusjka

Her er ein snasen liten olakjole for
snupper i 2-3-årsalderen.
Eg tykkjer dette er ein veldig praktisk fasong.
Romsleg og fin kjole å leike i,
og etterkvart som barnet veks,
fungerar han like fint som tunika!


Eg er ein fan av olastoff.
Tykkjer det er så fint å kombinere med
meir spreke, fargerike stoff.
Her har eg valt eit artig babusjkastoff
til kappe nede og kant på emene.


Måtte berre ta med dette bildet og.
Dei egentlege fargane kjem dårleg fram,
men det var så koseleg med det
gule sommarkveldlyset...

 
 Bærestykket har elastikk både
på ryggen og framme.
Sløyfebåndet laga av babusjkastoff
er berre til pynt.
Inni halsringingen har eg laga
kantebånd av same stoffet.
Syntes det vart ein fin avslutning.

4 kommentarer:

  1. Så tøft bruk av babusjkastoffet:) Den ble kanllfin!
    Også digger jeg oversikten over tips og oppskrifter. Mye bra der:)

    SvarSlett