mandag 7. mars 2011

Rødhette og bjørnane...

Då er karnevalet over, og her kjem litt bilete.

Først bjørnane som ikkje vart brukt på karneval, og som no er til salgs hjå "Leker og mer" på Årvoll.
Håpar dei kan varme nokre småbjørnar i løpet av våren. Dei er jo laga av mjuk og deilig fleece,
så det er kjempegode leikeklede!
Fleecedinosauren Briktosaurus Rex som vart til i fjor har vore ein favoritt her i huset...

Storebror nekta å ta den på seg, men lillebror let seg overtale.
Har var så rask på bjørnelabben at det var litt vanskeleg å rekke å knipse!


Som nemnt har tante sydd Rødhette-kostyme til ei søt lita snuppe på 6 år,
men dette har fortsatt ikkje komme fram med posten.

 Posten go home!!
På bileta under er kjolen og kappa avbilda uten Rødhette inni. Men dersom posten klarar å levere før Rødhette har vokst ut av kleda, er eg lova actionbilete.
Kjolen er sydd av kvitt bomullstoff med store, raude prikkar. Sjølsagt med litt blonder på kantane.
Kappa er av raud polarfleece, dessverre i ein langt dårlegare kvalitet enn den kjempefine, brune som bamsane er sydd av. Årsak; ukjent. Ettersom begge er kjøpt same dag, til same pris, frå same hylle på Stoff og stil. For å sikre matchingen har kjole og kappe same type blonde, og kappa har knytebånd i prikkestoffet.

Egentlig burde jo kappa vore sydd av ein fin, raud fløyel, men det hadde eg tilfeldigvis ikkje på lager.





2 kommentarer:

  1. Fine kostymene :)

    Ha en fortsatt fin kveld :)

    SvarSlett
  2. Så flink du er! Kostymene blei kjempe skjønne! På bloggen min ligger ein award til deg! Eg fekk ein award fra deg ein gong i tida, men då var eg så ny i bloggverden, så eg visste ikkje heilt koss eg skulle gripa det ann! Beklager det ;)

    SvarSlett