tirsdag 1. mars 2011

"Mamma, kan du strikke en hval?"

Spurte storebror på 3 år i forrige veke.

"Tenke du på ein sånn kval som du kan kose med?"

"Nei, en sånn jeg kan kle meg ut."

....

I desse karnevalstider så tek eg det som eit kompliment at guten ikkje ser nokon begrensing i kva mamma kan strikke. Om eg kjøper litt ståltråd, så kan eg kanskje strikke nye skjermar til bilen med det same...?

Sjøl tykkjer eg det virkar som eit i overkant ambisiøst prosjekt å strikke eit kval-kostyme. Sant og sei er eg ikkje spesielt lysten på å sy eit heller. Av minst to årsaker:

1) Har ikkje heilt klart for meg korleis ein syr ein kval

2) Eg har allerede sydd ein bamse

Men ingen luring og lokking hjelper. Han vil ikkje ein gong prøve bamsen!!

Ugh...

Eg har ikkje vore spesielt heldig med karnevalsførebuingane så langt. For det første har me nevnte bamse som ingen vil bruke (har forresten laga ein til lillebror også). For det andre har eg sydd Rødhettekostyme med både kappe og kjole til tantejenta mi som hadde så forferdeleg lyst til å være Rødhette på karneval. Den har blitt borte i posten.

Jada. Slik går no dagane.

No driv mamma og syr ein kval...

PS!
Skal legge ut bilete.
Og dersom eg får nokon til å ta på seg ein bamse, og dersom pakken skulle komme til rette ein gong, så kan det hende det blir actionbilete og...

3 kommentarer:

  1. hehe, herlig da!!
    Håper han blir fornøyd med hvalen:)

    SvarSlett
  2. Ja... Ganske spent sjølv, eg. Veit ikkje heilt hva slags skapning det lignar på akkurat no...

    SvarSlett
  3. Så herlig!
    "ja da lille venn. Mamma strikker gjerne en hval...." hehe...

    SvarSlett