torsdag 26. august 2010

Eg fann - eg fann!!!

Der var jo muffinsen!

Storebror og eg har kosa oss med å lage muffins i ettermiddag. Ikkje noko stort prosjekt, ettersom utgangspunktet var en pose Toro. Men da e like greit. Når ein e 2,5 år bør da ikkje ta so lang tid om ein skal gidde å avslutte. Han gjorde ALT sjølv. Etter å ha fylt i halvparten av røra med skei (ein del kom i formene, mykje rundt om kring), fann me ut at det fungerte glimrande å ta røra i ein mugge og helle oppi istaden. Pynten var rett og slett melisglasur med konditorfarge og Smarties. Må sei eg tykte han var gjerrig med pynten!! Han fekk lov å ta på så mykje han ville, men dette meinte han var passeleg.






Etterpå dekka me på med finkoppar og hadde kaffe-slabberas. Konditoren skimtast i bakgrunnen her (sjølsagt med kamoforkle som mamma har sydd til han). Det viste seg at han likte pynten bedre enn muffinsen, so han angra nok litt på den sparsomme pyntinga...
Det fine fatet som muffinsen står på, er forresten kjøpt på loppemarked i Berlin for nokre år sidan. Litt på impuls bestemte me oss for å sjå fotballkamp på Olympiastadion litt seinare på ettermiddagen. Der var det myyyykje politi utstyrt med våpen og hundar, og alle vart grundig kroppsvisitert. Eg var ikkje i nærleiken av å kunne forklare på tysk kva eg gjorde på fotballkamp med eit fat i sølvplett, men det vart grundig notert og nummerert og teke hånd om. Etter kampen fekk eg da tilbake :)
Eg trur nesten da fortjena nesten eit eige bilde - utan muffins...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar