torsdag 26. august 2010

Haust-strikk



Det er i grunnen litt vemodig, men eg har byrja å gjere opp status over kva storebror og vetlebror har av ullklede. Vemodig fordi det betyr at sommaren definitivt er i ferd med å gå over til haust.
Men så fann eg desse!! I vår fekk dei seg kvar sin gode, varme ullvest. Ein strikka av ei snill tante, den andre av meg. Dei er så fine at eg nesten vart glad for at me snart får bruk for dei igjen...
Dei er strikka i Smart Superwash frå Sandnesgarn - fritt etter eit par mønstre frå Sandnesgarn; oppskrift på ein vest, mønster frå ein gensar, og litt tipping fordi det ikkje var lite nok mønster til vetlebror.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar