onsdag 5. februar 2014

Bilgenser med matchende olabukse

Sett med genser og bukse som
min nydelege grandnevø Håvard
fekk i julegave.
 
Begge deler er frå boka Heilt
Spesiell og Jubel, som eg har skrive
om i eit tidlegare innlegg, med ein
del personlege justeringar.
 

Eg likar barnekle med mange friske
detaljar. Her har eg valt å kante med
ulike fargar i halsen, nede og på ermene.
Ermene har dessutan fått ekstra lang ribb.
Oransje bisebånd i raglandsaumen.  
 
 
Ifølge mønsteret skulle ikkje buksa
ha innsydd eit stoff i sida. Men der
var den sydd i elastisk stoff. ETTER at
eg hadde klippa ut buksa i olastoff
kom eg til å tenke på at den kanskje
ville bli for trang... Eg la derfor inn ein
stolpe med lyseblå ribb. Dermed
fekk den litt meir vidde, og i tillegg
vil den elastiske ribben gjere det
lettare å bevege seg. Håpar eg :-)
 
For å ta opp igjen litt frå gensaren
la eg inn dei same oransje bisebånda
i sida på buksa.
 

 Lommer i genserstoffet, sydd fast
med cover-maskinen som eg snart
har blitt venn med.
Vel.
Ikkje bestevenn, akkurat.
Men forholdet vårt er i utvikling.
 



1 kommentar:

  1. Veldig fint sett! Jeg liker også friske farger til barn:) Har så mange oppskrifter som ligger og frister i den boka, tror jeg må ta meg noen dager på syrommet igjen snart. Jeg jobber også med å bli venn med min cover-maskin:)

    SvarSlett