mandag 14. oktober 2013

Min første (sopp)tur med cover!

I sommar kom endeleg ei
cover-maskin i hus. For dei
som ikkje er synerdar, så er
dette ei symaskin som er fin til
å legge opp og kante plagg sydd
i elastiske stoff. Ikkje akkurat
noko ein ha, men snarare
ei "kjekt-å-ha-maskin".
 
Det er ikkje før no på hausten
eg har komme igang med å
teste ut vidunderet. Og det
er litt å sette seg inn i!! Me
har ikkje vorte heilt venner endå,
men det er så moro at eg er
villig til å jobbe med forholdet ;-)
 
Etter vanvittig mange prøvelappar,
måtte eg berre lage noko som
kunne brukast!! Først ut er eit
soppsett til ynstemann. Litt
vanskeleg å få teke ordentleg
bilete, slik i forbifarten. Og
kleda fall sopass godt i smak
at dei enten har vore i farten
eller i skittentøyet sidan.
 
Tanken var å få testa ut nokon
av dei nye funksjonane på maskina.
Ermane på gensaren er er lagt
opp, men ellers er det kantebånds-
apparatet som har fått kjørt seg.
Gøy!!!
Den innfelte lomma på genseren
er festa med coversøm frå vranga.
Buksa er i Easy-cotton, som er
eit supert buksestoff. Både mjukt
og slitesterkt på same tid!
Lommene er også kanta med
kantebåndsapparat.  
Det er vel ingen tvil om at
dette var eit innlegg for
spesielt interesserte...
Men eg kjenner forbausande
mange som er spesielt interesserte
i nettopp slike saker og ting ;-)


1 kommentar:

  1. Det var ett nydelig sett!! Herlig soppstoff!
    Coveren er ikke min venn, men vi skal bli venner omsider. Kjekt med mye inspirasjon i denne prosessen.

    SvarSlett