torsdag 13. juni 2013

Om korleis ei grå mus vart stubbrumpa...

Litt tidlegare i vår skulle storebror
i utkledningsbursdag til bestevenninna.
Julia er veldig glad i dyr, og for
å glede henne ville han gjerne
kle seg ut som nettopp - eit dyr...
Av uvisse årsaker falt valget på mus!
Ettersom me ikkje hadde noko
som helst museaktig i huset,
må eg innrømme at eg prøvde meg
med mykje andre gode forslag.
 
Nope...
Mus.
Grå.
Sett igang.
 
Heldigvis hadde eg noko grå jersey
liggande (som rett nok var meint til
joggebukser, men pytt pytt).
 
Storebror er ein 5-åring som endå
kun ser mogelegheiter, og svært få
begrensingar. Han hadde sett føre
seg ein heildrakt, og tykte sant og
sei at ein genser var ein lettvindt
løysning. Eg prøvde å overbevise
om at me nok ikkje hadde nok stoff
til ein heildress. Lettare enn å
forklare at mamma ikkje orka å sy
ein heildress ettersom bursdagen
var allerede neste dag...
 
Så då vart det ein grå gensar
med hette, lommer, øyrer og hale.
 
 Grå jersey er jo litt kjedeleg,
så eg tykte det var fint å kante
med den stripete ribben frå Hilco.
 Lang musehale på stumpen.
Og lommer.
I bursdagen ville han gjerne ha litt
ost i lommene. Mus elskar jo ost!
Ikkje at eg er fanatisk når det kjem til
bakteriar, men eg må sei at det virka
litt ekkelt... Så me vart enige om at
Babybel var fint. Dei er jo små,
innpakka miniostar.
 
Når det var slutt på osten var lommene,
som de ser på biletet, fine til å ha
russekort, småstein og andre skattar i.
 
Storebror var kjempefornøyd,
og hadde det supert i bursdagen
- til tross for at det var ei jente som
hadde kledd seg ut som katt.
Kattar er som kjent ganske
skumle for små mus...
 
Øyrene og halen sydde eg berre
på for hånd, slik at dei kunne
sprettast av etterpå. Då kunne jo
han bruke gensaren. Øyrene var
jo forsåvidt ikkje i vegen, men
han har lært seg å sykle, og syklar
heile tida. Då er det upraktisk med
hale. Men musa sjøl nekta.
Han berre tok halen i lomma
når han sykla, og sidan har han
budd i gensaren.
 
Men her om dagen skjedde det som
måtte skje før eller seinare;
Halen ramla ut av lomma og festa
seg i sykkelkjedet... Hjulene gikk
verken framover eller bakover,
og han kom ikkje seg av setet ein
gong, fordi halen var stramma så
godt inn i bakhjulet.
Til tross for at dramaet enda med
haleamputasjon, var det vanskeleg
å holde seg alvorleg.
 
Så det var historien om korleis
den vesle grå musa vart stubbrumpa...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar