søndag 16. desember 2012

Premiere på symaskin!!

I går hadde storebror i huset
premiere på symaskin. Han har
masa i lang tid, men mor sjøl
har trenert prosessen litt...
 
Men så, i anledning at han ville
lage ei veske til nabojenta til jul,
måtte eg sleppe han til.
 
Han rigga seg til på kontorstolen
(les:systolen) og me satte "gasspedalen"
på ein plastkasse slik at snart
5 år lange bein skulle rekke ned.
 
Ansiktet som lyste av stoltheit,
og nærast vantru knytta til eigne
prestasjonar var ubetaleleg, og
rørte eit lettpåverkeleg morshjarta
- som i tillegg bankar sterkt for saum...
 
På biletet under ser de det fiine
resultatet. Ettersom han tykte det
var ei utprega jenteveske, ville han ha
seg fråbedt at eg tok med ansiktet. Som
ein ser på posituren, GÅR han ikkje med
veska, han berre HELD ho.
 
 
Dekoren i filt har han valt ut sjølv,
både i form og farge. Han har klippa
sjølv og, måtte berre få litt hjelp til
å streke opp. For at prosjektet ikkje
skulle bli for komplisert, fekk han
velge eit bånd han likte til hank,
i staden for å sy hank av veskestoffet.
Skal ein fyrst gjere noko sjølv, er
det fint at ein klarar det meste...
 
 
Til å feste hanken i kvar side, valde
han ut to fiine knappar; denne med
gull og diamantar, og ei løve på andre sida.
 
Sjølvgjort er velgjort!!
Sjeldan har nok nokon vore
meir stolt og nøgd med ei gåve.
 
No ynskjer han seg si eiga symaskin :)
 
PS! Legg merke til arbeidsbuksa til
sykaren; sydd på same maskin av
ho mor sjølv.

1 kommentar:

  1. Så kreativ og flink gutt! Flott at du lar ham slippe til og bare hjelper han nok til at han fortsatt har gjort det selv :)

    SvarSlett