mandag 1. oktober 2012

Strikka lampeskjerm

Oppussing er stort sett i havn, og då
er det den vanskelege innredningen som
gjenstår. Tek litt tid å finne ut korleis
ein vil ha det, og korleis ein skal gjere
det til sitt eige.
 
Då er det kjekt å kose seg med
litt småprosjekt. Som for eksempel
å pimpe opp den gamle IKEA-lampa
med eit nytt strikketrekk.
 
Det vart i grunnen ganske koseleg.
Trekket er strikka i eit garn som
heiter Silenzio, og på pinnar nr 7.
Eg har strikka i rillestrikk, og for at
skulle bli litt lausare har eg brukt denne
fikse teknikken:
 
På annankvar pinne lagar du eit
kast mellom kvar strikka maske.
På pinnen etter slepper du ned kastet
frå forrige pinne.
 
 
Med lys.
 
 
Utan lys.

1 kommentar: