onsdag 31. oktober 2012

Helloween-gresskar!

Helloween er ikkje nokon
tradisjon i Tråkleguris verden,
og sant og sei so har eg ikkje
vore så ivrig på det heller.
 
Men i fjor kledde storebror
seg ut og gikk saman med vennene
sine for fyrste gong. Og det hugsa
han i år. Han har snakka masse om
det, så eg hadde jo ikkje hjarte til
noko anna enn å spele med.
 
Tråkleguri sin filosofi er:
Det er nok ein tradisjon som
er komen for å bli, så då kan
ein like gjerne gjere det til ein
hyggeleg tradisjon.
 
Så i år har eg kjøpt mitt fyrste
gresskar! Eg var såå kry når eg kunne
sette det på trappa med lys i.
 
 
 
Det er ein del innhold i eit slikt
gresskar, og eg tykte nesten det burde
brukast til noko. Så eg laga ei stor
panne med gresskarsuppe, og inviterte
naboane. Ein av dei snille naboane
hadde med ei kjempegod kake, og
ungane (våre og dei som hadde gått
saman med dei) fråtsa i "knask".
Så det vart ein kjempekoseleg
kveld med 12 naboar!!
 
 

1 kommentar:

  1. Så herlig gresskar :D

    Jeg har et blogglotteri på gang så du må gjerne smette innom og trekke lodd :)

    SvarSlett