lørdag 1. september 2012

Strandveske til bursdagsjente

Storebror i huset skal i bursdag
til ei venninne i morgon.
 
Ho har fortalt oss at ho skal til syden,
og storebror ville difor at me skulle
lage noko til ho som var "heilt perfekt
når ein skal på syden".
 
Me vart enige om at ei strandveske
er veldig praktisk å ha, med plass til
både solkrem, vannflaske - og
kanskje ein tyggis?
 
Veldig rosa kreasjon dette, for
Tråkleguri som ikkje er så sukkersøt.
Men no er det ikkje eg som skal
i bursdag og gi bort strandveske...
 
Veska er sydd i rosa bomullstoff
med fint trykk (som til og med
er litt glitter på!) og fora med eit
tynt rosa bomullstoff i same farge.
Hanken og øverste kant av veska
er pynta med rosa kroklisse.
 
Storebror og eg har hatt ei koseleg
stund i kjellaren på laurdagskvelden.
Han har valt ut stoff og gitt visse
instruksjonar, medan han perla eit
smykke som var ekstra langt, fordi
meinte han at bursdagsjenta alltid
har ønska seg det...
 
Hurra for Kristine, 5 år!!
 
 

3 kommentarer:

  1. Heldig den bursdagsjenta får denne søta veska med så fint motiv:-)

    SvarSlett
  2. Så flott strandveske :)

    Jeg har et blogglotteri på gang. Smett innom og ta noen lodd da vel! :)

    SvarSlett
  3. Åååå for en snill storebror :-)
    og flott veske :-)

    SvarSlett